Både Vang og Øystre Slidre vart godkjende som trafikksikre kommunar: – Å bli godkjend er ingen garanti for fråvær av ulykker, men er eit kvalitetsstempel

Måndag vart både Vang og Øystre Slidre godkjent som trafikksikre kommunar, som dei to siste i Valdres. Dermed har alle seks fått denne utnemninga. – Vi i Vang kommune er klar over fleire utfordringar i kommunen, men vil setje fokus på trafikktryggleiken i alt vi gjer framover, fortel Vang kommune i ei pressemelding.