Gå til sidens hovedinnhold

Bandleggjing av Fagernes utan at ny E16-trase er på plass

Delar av Fagernes blir no bandlagt for vidare utbyggjing. Årsak: E16.

Leiar Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for avisa si haldning.

Som me har omtala fleire gongar i avisa Valdres vart ikkje stortingsfleirtalet samde om å prioritere eigne midlar til E16 Fagernes Sør-Hande i Nasjonal transportplan før sumaren. At det førebels er i det blå om og når ein ny trase er på plass hindrar ikkje Statens vegvesen i å bandleggje areal.

Det fekk ein familie på Fagernes smerteleg erfare då familien søkte om å få byggje eit tilbygg og garasje til bustaden i Garlivegen. Kommunen sa ja. Statens vegvesen fråråda derimot utbyggjing. Kommunen på si side meinte det ikkje kan vera til hinder for ein eventuell tunnel at familien får setje opp tilbygg og garasje, og peikte også på at den endelege traseen for Fagernes Sør-Hande ikkje er vedteken.

Statens vegvesen synte til at når det ligg føre «vedtatte kommunedelplaner/reguleringsplaner for utbygging av for eksempel riksveg, blir areal bandlagt eller får på andre måter restriksjoner for bruken av arealet.» Det høyrer med til historia at familien no har flytta.

Les også

Huseier i Garlivegen fikk nei til påbygg på grunn av mulig E16-tunnel: «Stopper utvikling og fornyelse av området»

Me skal sjølvsagt ikkje klaga over at det er sett av areal til E16-utbetringa Fagernes Sør-Hande. Dette er ei utbetring som er svært etterlengta, og E16 gjennom Fagernes sentrum har vekse til å bli ein stor propp i systemet og trafikkavviklinga mellom aust og vest. Me stussar likevel over at det, utan at det ligg føre heilt konkrete planar og midlar til E16, er slik at enkeltpersonar og familiar ikkje kan få byggje seg ein garasje. Det er nemleg slik at det skal takast omsyn nybyggjing eller utbyggjing i eit område som er innanfor 35 meter frå den såkalla senterlinja for E16.

Det er mogleg Statens vegvesen ynskjer å gardere seg mot framtidige erstatningskrav. Men per no ikkje midlar til E16 utanom Fagernes. Det finst heller ikkje noko endeleg vedtak om trase utanom Fagernes. Kommunestyret i Nord-Aurdal vedtok i 2014 å arbeide for eitt alternativ, men dette alternativet har det vorte jobba vidare med i åra etter, mellom anna med føremål om å få ned prisen på E16-utbyggjinga. No melder kommunen at «E16-traseen» blir tema for revidering av arealdelen i kommunedelplanen. Det er bra.

Saka om den ubygde garasjen i Garlivegen syner med stor tyngde kvifor det hastar med å få vedteke ein plan og framdrift for E16-traseen gjennom Fagernes.

Kommentarer til denne saken