– Hald hunden i band

Rådyra har det tøft i all snøen. Sjølv om det ikkje er innført ekstraordinær bandtvang enno, bør ein halde hundane i band der det er rådyr. Foto: Gro Rudi
VALDRES: – Hald hunden i band med omsyn til rådyra! Oppmodinga kjem frå skogbrukssjef i Øystre Slidre, Anne Frugård.
Det er mykje snø fleire stader i Valdres, og det kan skape utfordringar for fleire enn oss menneske. Kommunane i Valdres vurderer fortløpande å innføre ekstraordinær bandtvang med omsyn til hjorteviltet, og særleg for rådyra er situasjon kritisk fleire stader.
– Ei slik forskrift om ekstraordinær bandtvang må til politisk behandling, og det må samordnast i dei ulike kommunane. Dette er ikkje gjort i ei handvending, men eg vil likevel oppmode alle til å halde hundane i band i område der det er rådyr seier Anne Frugård.
Siste gongen kommunane i Valdres hadde ekstraordinær bandtvang var i 2008.
Kommentarer til denne saken