Berekraftig påfyll på Fagernes

Berekraft som forretningsmodell og som grunnlag for å ivareta og utvikle sosiale og kulturelle verdiar. Lønsj til lønsj-konferansa 5.- 6. november belyste begrepet frå fleire hald og med konkrete eksempel. Her frå Cilia Indahl sitt innlegg. (Foto: Fredrik Holte Breien)

Berekraft som forretningsmodell og som grunnlag for å ivareta og utvikle sosiale og kulturelle verdiar. Lønsj til lønsj-konferansa 5.- 6. november belyste begrepet frå fleire hald og med konkrete eksempel. Her frå Cilia Indahl sitt innlegg. (Foto: Fredrik Holte Breien)

Av

Hvis neste generasjon skal overta ei verd som i betre stand enn den er i no, byrjar det å haste, i følgje FNs klimapanel. På konferansa "Veien til en grønn fremtid" freista arrangørane å vise både breidda og essensen i begerepet berekraft, og inviterte til påfyll av idear og konkrete døme på korleis ein kan tenkje saman i ei berekraftig retning.

DEL

Med spegel, ikkje peikefinger

Fylkesordfører Even Aleksander Hagen opna konferansen med å be folk hugse å sjå seg sjølv i spegelen og byrje endringane der, ikkje berre rope på at politikarar og næringsliv skal rigge det grøne skiftet. Likevel var deler av innhaldet i konferansa retta mot korleis løysinga kan ligge spennet mellom det offentlige og private hvis ein finn ein god dialog, opprettar tillitt og søkjer suksess saman.

Meir enn berre klima

Berekraftig utvikling handlar om å ta vare på sosiale, kulturelle og økonomiske verdiar, så vel som klima og miljø. Distriktssenteret, som var medarrangørar av konferansen saman med prosjektet "Bærekraftig hytteutvikling i Fjellnorge", viste til gode døme på korleis små lokalsamfunn vert livskraftige om ein har ein god utviklingsledelse og ein "beredskap for tilfeldigheiter".

- Når lokalsamfunn blomstrar handlar det ikkje om flaks eller rike onklar som slår seg ned og investerar, det dreier seg om å ha utvikla ein kultur for breitt samspel, trass motstridande interesser, og å slik sett vere beredt for å ta gode beslutningar når moglegheiter dukkar opp. Dette er også viktig om ein skal oppnå berekraftige mål saman, sa Steinar Fredheim i sitt innlegg.

Delingsøkonomi og herming

To av innlegga som fekk tilhøyrarane til å spisse øyro ekstra, kom frå berekraftsdirektør i Aker BioMarine, Cilia Indahl, og frå Michel Wolfstirn som hoppa av oljebransjen og var med å grunnleggje BiomimicryNorway.

Indahl spurte om Valdres kan nå nye målgrupper med å tilby andre friluftsopplevingar i framtida enn at alle skal sitja på si eiga store hytte.

- Tenk om delingsøkonomien kan sørgje for at hytta di er i drift større deler av året, og at trykket i fjellet fordelast utover dei klassiske sesongane? Berekraft er blant anna full kapasitet på det vi lager, i staden for å gjere innhogg i naturen som står mykje ubrukt, sa Indahl.

Wolfstirn kom med mange eksempel på kvifor naturen sjølv bør være modell når ein utviklar nye materialer og næringskjeder.

- Naturen sjølv er berekraftig og har innarbeidde løysingar for avfallsortering, så her er det berre å herme. Eit enkelt eksempel er korleis kaffegrut-avfallet i Oslo no blir henta og tatt i bruk for å dyrke østerssopp, lage kroppsskrubb og blir til næring i blomsterbed, fortalte Wolfstirn.

- Eit steg vidare

Fredrik Holte Breien i "Bærekraftig hytteutvikling i Fjellnorge" oppsummerar konferansa med å sjå på dei til saman tretten innlegga som eit venleg dytt i rett retning.

- Vi løyser ingenting med å sitje på kvar vår tue og håpe at nokon tek dei store grepa. Å samle aktørar og prate om berekraft i to dagar er forhåpentlegvis med på å forankre det grøne skiftet både hjå den enkelte og i framtidas behov for å samhandle breiare. Vi håpar deltakarane fekk med seg nokre gode innspel, sa Holte Breien.

Artikkeltags