VANG: Vi høyrer ofte setningar som, "Det er John Deere som er best!","nei, det er Case", "ååå, Massey er nå ikkji noko bra!".

Barnehagane i Vang, Fredheim og Høre, var så heldige at dei fekk pengar av Vang Bondelag til å kjøpe inn tre nye traktorar. Midt i januar kom leiar i Vang Bondelag, Gunnar Belsheim med tre flunka nye Claas’ar, som han overrekte til barnehagane.

Stor stas med nye traktorar og hengarar, og ingen har foreløpig kommentert farge og merke på traktorane… Ein stor takk til Vang Bondelag for den flotte gåva!