Gå til sidens hovedinnhold

Bed folk om å planleggje ferien

Øystre Slidre kommune oppmodar innbyggjarane som enno ikkje har fått koronavaksine, om å planleggje ferien slik at dei kan møte på vaksinasjonsdagen.

ØYSTRE SLIDRE: Det er då særskild onsdagane du bør syte for å vere i nærleiken når det nærmar seg din tur i vaksinekøen. Denne vekedagen vil i all hovudsak vere vaksinasjonsdag i kommunen når dei no ventar fleire vaksinedosar i juni, juli og august. Dette melder Øystre Slidre kommune sjølv på kommunen si heimeside.

«Det er særs viktig at alle forstår at dei må nytte tilbodet når dei får det, dette for å redusere arbeidsmengda med logistikk», heiter det vidare.

Treng ikkje ta kontakt

I den nylege statusen frå kommunen knytt til vaksinering, blir det òg opplyst at innkalling normalt sett går føre seg via tekstmelding. Innkallinga sendast etter kvart som det er klart kor mange vaksinedosar kommunen får den einskilde veka, som regel skjer dette ti til tolv dagar før vaksineringsdato.

«Det er viktig at alle som får ein slik sms svarar på denne sms-en, her vil det vere fleire svaralternativ», ifylgje kommunen. Du treng ikkje kontakte kommunen eller legekontoret.

Alle som er folkeregistrert i Øystre Slidre vil bli kontakta, framhevast det. Om ein tidlegare har fått tilbod om vaksine, takka nei og ombestemt seg, skal ein likevel ta kontakt. Det gjeld også dei som har helserelaterte spørsmål.

Ikkje for fritidsinnbyggjarar

Kommunen opplyser at dei no held på med innkalling av personar i kategori 8, jamfør FHI sine retningslinjer. Det vil seie dei mellom 55 og 64 år. I neste runde fylgjer personar i alderen 45 til 54 år. Slik det ser ut no, blir dette i slutten av juni.

Det gjerast vidare klart at Øystre Slidre ikkje har ansvar for å vaksinere turistar eller dei som har fritidsbustad i kommunen. Tilbod om vaksine må desse få i eigen kommune.

I oppdateringa delast også fylgjande ord frå kommunen si side: «Me forstår at dykk er utolmodige, men alle vil få tilbod om vaksine, når det etter nasjonale retningslinjer er din tur».

Kommentarer til denne saken