Kulturhistorisk tur til gamle storgardar i Begnadalen

Sundag 22. september inviterer Vennelaget til gamle storgardar i Begnadalen. Gardane som blir besøkt, er Tollevsrud, Sørre Haugsrud, Nørre Haugsrud og Piltingsrud. Det blir høve til å koma inn i fleire hus.

DEL

BEGNADALEN: På Tollevsrud serverer Vennelaget kaffi og noko attåt inne, og på Piltingsrud blir det servert rummegraut, spekemat, kaffi og dessert. Der blir det òg høve til å sjå innom gardsbutikken og til å helse på dyra.

Det blir buss frå Fagernes. Omvisar på turen blir konservator Anne Marit Noraker og Arne Erik Fønhus, saman med eigarane på stadene som blir besøkt. Påmeldingsfrist sundag. Påmeldingsgebyr. Påmelding til Gunnar Modén, tlf. 924 25 919.

Artikkeltags