Leiar Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for avisa si haldning.
Om løyvingane kjem på plass, kan dette vera eit scenario som slår inn frå 2024/25. No skal det straks seiast at avgjerda omkring korleis oppgraderinga skal gjennomførast, er langt frå banka. Det kan vera ei trøyst at det vil skje på høgste plan i Vegdirektoratet, alternativt politisk nivå.
Valdres sitt syn på stenging av E16 Lærdalstunnelen blir drøfta i regionstyret
Fram til då må det sikrast grundige prosessar der næringsliv, kommunar og alle råka partar slepp til orde. Kanskje uansett kva slags løysing som blir valt, vil det ikkje vera umogleg å imøtekoma alle ynskje. Det er ei løysing som ville eliminere problema for dei fleste brukarane og som mellom anna transportverksemda Slinde Transport på Håbakken og også lærdalspolitikarane har tala varmt for. Det er å byggje eit nytt tunnelløp side om side med dagens tunnel. Dette er uansett ei løysing som fell vesentleg dyrare enn å rehabilitere dagens tunnel som vart opna i november i 2000 og er visstnok av den grunn uaktuelt.
Aktuelle løysingar for stenging som då står att, er å heilstengje tunnelen i minst eit års tid med stor sjanse for forsinking. Det er også diskutert om den skal opnast opp att på dagtid i løpet av dei mest krevjande vintermånadene for å trygge ferdselen mellom aust og vest på vinteren. Eit heilt anna alternativ er å ha ope på dagtid og stengje og arbeide på natta. Då kan arbeidet ta to til tre år. Mange trekkjer fram dette som den nest beste løysinga i tillegg til den nokså urealistiske løysinga med å byggje eit nytt tunnelløp.
Ingen bilferje, men aktuelt å opne Lærdalstunnelen att i vintersesongen
Alle er tente med at jobben blir gjort, vi har heller ikkje noko alternativ. Lærdalstunnelen, verdas lengste biltunnel, er svært avgjerande for ferdselen mellom aust og vest, i særs varetransport og turisttrafikk. Det var som ei ny verd opna seg den dagen Kong Harald klipte snora. Lærdalstunnelen var omstridd den også, men like fullt gir ettertida oss rett i at den var framtidsretta for ferdselen. Utan tunnelen hadde heller ikkje dei tunge veglyfta gjennom Valdres og på fjellet vestover dei siste to tiåra, latt seg gjennomføre.
For næringslivet og ikkje minst for det som er mest fornuftig samferdselspolitisk, vil ei mellomløysing opplagt tene oss best. I periodar med heilstengt E16, som vi hadde i samband med, til dømes, vegbygginga over Filefjell og vestover, opplevde vi lange periodar med stengd veg. Det representerte nedtur for næringslivet vårt og gjorde seg rett og slett utslag på kassaapparata hjå dei som lever av trafikken, turiststraumen.
– Hadde vært utrolig mye bedre for oss
Alt det andre er konsekvensane for næringslivet. Ei stenging stikk kraftige kjeppar i hjula for mange, og det er det vi treng minst no etter tøffe og lite føreseielege tider. For Øst-Vestekspressen i regi av vårt lokale JVB, er det katastrofe. Det kan bli aktuelt å kutte ruta om det blir døgnstengt.
Erfaring syner at reisevanar fort endrar seg, og fylgjene kan bli at folk vil velje andre løysingar den dagen det opnar opp att. Difor er det så avgjerande at alle partar blir høyrde og at det blir køyrt ein god og inkluderande prosess før avgjerda blir teke. Næringslivet i Valdres må alt no mobilisere.