Fjelljazzkonserten tilbake i Lidar kyrkje

Siw Anne Guttulsrud

Siw Anne Guttulsrud

Av

Etter at Beitostølen Fjelljazz vart avslutta har mange gitt uttrykk for at dei savna kyrkjekonserten i Lidar. Men no er den tilbake.

DEL

Beitostølen: Det er soknerådet i Lidar og Toralf Baldersheim som har gått sammen om arrangementet. I år er det Bourbon Street Jazzband som skal gleda publikum. Dei har tidlegare vore på Fjelljazzen. Leiaren, Jan Erik Nilsen (trompet og vokal) hadde i 2009 ein herleg kyrkjekonsert med sitt gamle band Cellar Jazzband. Den gang med sopranen Cecilie Schilling. I år er dei forsterka på vokal med Siw Anne Guttulsrud. I samband med Norsk Ostefestival blir gruppa også å høyre ved salsbodene på Beitostølen laurdag ettermiddag.

Artikkeltags