VANGSJØEN, ØYSTRE SLIDRE: – Då har prosten vore oppe hos oss for å førebu påskegudstenesta, fortel eigar av Vangsjøen fjellstogo, Aleksander Øiestad.

Satsar i fjellet

Familien Øiestad kjøpte Vangsjøen fjellstue og bruker deler av den som vi hytte. No vil dei lage eit tilbod til både fastbuande og påsketuristane i sjølve fjellstogo. Langfredag kjem prost Carl Philip Weisser for å halde gudsteneste.

– Gudstenesta blir inne, så det er nok plass til 60–70 personar, seier Weisser.

– Det er krig i verda og flyktningane kjem til oss frå Ukraina. Kjem det til å vera eit tema for deg i preika?

– Ja, i påska er lidinga sentral. Vi må sjå den i kvitauga. Det smertelege, men med påskebodskapen er også håpet. Vi kan ikkje gje opp håpet om å ei betre verd, svarar Weisser.

Ein tradisjon

– Det har vore ein tradisjon å ha påskegudsteneste her ved Vangsjøen fjellstue. Eg har også vore med på stølsgudsteneste her på sumaren, der det har vore ein god miks av både fastbuande og hyttefolk. Der har vore kjekt, seier Aleksander Øiestad.

Øiestad har merka pågang av fjellstogo etter at dei kjøpte den for vel 1,5 år sidan.

– Også Vangsjøen Vel skal ha årsmøte her. Det skjer på skjærtorsdag. Faktisk så har eg rekna på det at vi har hatt 1200 gjestedøgn her sidan vi tok over. Det har blitt ein del, legg Øiestad til.

No er påska neste, men Øiestad er redd for at det skal halde hardt med snøen på grunn av mildvêret og at det har vore lite snø i vinter.

– Det er nok nokon som kanskje ikkje reiser til fjells slik som forholda er blitt, men vi er der og tek imot dei som kjem. Vi gler oss, avsluttar Øiestad.