- Viktig med nynorsk i kommunereforma

Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

Noregs Mållag samla seg til eit rekordstort landsmøte i Bergen . Organisasjonen har hatt medlemsauke det siste året, og tel no 12 022 medlemer.

– Det er alltid gjevande å kome på landsmøtet i Mållaget og det gjev ny kveik, seier Reidun Dølehuset, leiar i Valdres Mållag.

– Den viktigaste og mest aktuelle saka for oss er ny kommunestruktur, og me er veldig opptekne av å sikre nynorsken i dette arbeidet. I tillegg er me opptekne av samarbeid med fagrørsla frametter, seier Reidun Dølehuset.

Sidan landsmøtet var i Bergen var det naturleg å ta opp Bergen som nynorskhovudstad. Det opptok naturlegvis heile landsmøtet. Mellom anna møtte sjefredaktøren i Bergens Tidende, Øyulf Hjertenes, og rektor ved Universitetet i Bergen, Dag Rune Olsen, til samtale om kva dei gjer og kan gjere for den nynorske vestlandsregionen.

Fleire prisar var delt ut i løpet av helga. Mellom anna fekk Kristin Sørsdal fekk Målprisen 2016 for omsetjinga av bøkene til Elena Ferrante, Haukeland universitetssjukehus fekk Målblomen 2016 for god nynorsk språkbruk. Nynorsk litteraturpris og Nynorsk barnelitteraturpris vart delte ut til forfattarane Eirik Ingebrigtsen og Marit Kaldhol.

Landsmøtet valde òg ein ny leiar. Magne Aasbrenn frå Frederikstad, som i dag er lektor ved Frederik II vidaregåande skule, vart den første leiaren i Noregs Mållag frå Østfold.

Artikkeltags