Gå til sidens hovedinnhold

Berre flaks det gjekk bra?

Valdres har opplevd ei mareritthelg som vi sjeldan har hatt.

Leiar Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for avisa si haldning.

Vi har nok ein gong fått erfare at vi er sterkt sårbare, trass i at vi omgjev oss med all slags moderne teknologi. Sjølv naudnettet som skal hjelpe oss når det står på som verst, fall ut.

Det var eigentleg varsla, mellom anna var Innlandet og Valdres sett i oransje farenivå grunna forventa ekstremvind, med godt over 30 sekundmeter i vindkasta somme plassar. Det høyrer heldigvis meir til sjeldanheitene på våre kantar. Gjennom helga har vi fått oversikt over omfanget av skadane som på mange område er langt meir omfattande enn vi hadde etter, til dømes, Dagmar eller andre rundar av ekstremvêr.

Ein umiddelbar konsekvens etter ekstremvinden natt til fredag og fredagen har vore at nokon tusen abonnentar har mista straumen i Valdres for kortare og lengre tid. Skadane på linjenettet er mange stader enorme. Det kan enno gå ei stund før alle har straumen attende. Telefon og nettverk er sett ut av spel for svært mange. Også her er det klart at det kan gå lang tid før alle skadane blir retta opp.

Utover dette er det større og mindre skader på hus og eigedom over alt i Valdres. Dessutan og til slutt størst og verst; hundrevis av mål med skog er meid ned. Det er spesielt store skader på skogen i visse område i Sør-Aurdal og Etnedal, men også mange andre stader. Når det gjeld skogen kan vi trygt tale om krisetilstandar og store langtidsverknader, mellom anna med stor fare for oppblomstring av borkbiller. For skogen sitt vedkomande trengst heilt klart ekstraordinær innsats for å rydde opp. Mange skogeigarar treng akutthjelp no, og styresmaktene må på banen.

Dei materielle skadane vil kunne samanfatte seg til mange titals millionar. Nokon skader er det ikkje mogleg å setja prislapp på. Det mest tankevekkjande etter eit døgn som dette er likevel kor farleg sårbare vi er. Likevel ser det ut til at vi har kome igjennom dei mest kritiske timane utan personskadar og at menneskeliv er gått tapt. Også situasjonane der naudnettet har vore borte, som til dømes i Vang, fortel om alvoret i det som har skjedd. Kommunar som Vang og Etnedal har synt framifrå kontroll gjennom sin måte å informere på og å handtere ein krisesituasjon av eit slikt omfang.

Etter kvart som ein får oversikt over alle skadane og det blir mogleg å trekkje pusten att for dei som har stått i stormen, må vi evaluere. Svært viktig blir det om det er mogleg å bøte på vår sårbare situasjon og kva slags rutinar og system styresmaktene skal nytte seg av for å syte for informasjon til dei som sit som makteslause offer. Telefonen virka ikkje hjå dei fleste, nettverket var nede, lokalavisa hadde problem med å nå ut med stoffet sitt ettersom nettverket vart slått ut mange stader, og attpåtil naudnettet var slått ut.

Mykje kan vi ikkje førebyggje oss mot, men vi må sikre eit best mogleg velfungerande system for å handtre problema og utfordringane som oppstår. Difor er det på sin plass at Valdres-kommunane i fellesskap set «krisestab» no for å lære og for å handtere liknande situasjonar enda betre og gjera oss mindre sårbare. Eitt er i alle fall sikkert at liknande tilfelle garantert vil koma att.

Kommentarer til denne saken