Uhell til fjells og på vegen

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Sjodalen: Politiet melder på twitter om eit uhell på Besseggen laurdag, der ei jente på 18 år vart såpass skadd i hofta på fjelltur at ho måtte hentast av luftambulanse. Ho var saman med familie, skriv dei.

I 15-tida søndag kjørte ein motorsykkel av vegen/velta på fylkesveg 51 nær Gjendesheim. Det var snø og hagl på staden melder politiet, som skriv at to personar er skadde, med smerter i nakke og skulder. Ambulanse og politi rykte ut.

Artikkeltags