Gå til sidens hovedinnhold

Bestillingane renn inn på Filefjellstuene

Aktivitetssugne nordmenn dominerer i ordrebøkene hjå Filefjellstuene no.

VANG: – Det renn inn med bestillingar om dagen og det er i stor grad opplevingar som dreg folk hit. Kongevegen over Filefjell, føringsturar med Tyin Aktiv, fiske eller eigne fjellturar er det vi høyrer mest av, fortel Petter Rødseth.

Han er avdelingsleiar for overnatting og servering i Tyin Filefjell-Utvikling, som eig Filefjellstuene. For tida studerer han hotellfag-leiing ved prestisjeskulen EHL i Lausanne i Sveits, men no er Filefjellstuene basen fram til midten av september.

– Overnattingsmoglegheitene her går godt saman med koronarestriksjonane. Vi har til dømes høgtstandardhyttene med fire sengeplassar, to separate bad og felles opphaldsrom der to par kan feriere trygt saman.

Nye smakar

Kvalitetsmat til gjestar og besøkande har eit ekstra fokus hjå Filefjellstuene i sommar. Med utgangspunkt i råvarer som Tyin-ørret og reinsdyr frå Filefjell vert det både kjende og heilt nye rettar på menyen.

– Klassikarane sel bra og er viktige for oss, men det er artig å bruke nokre av dei lokale råvarene i nye kombinasjonar. Til dømes har vi ein ørretceviche på menyen no. Det er altså rå ørret frå Tyin marinert med sitrusfrukt og servert med raudlauk og avokado, og det fungerer strålande både på lunsj- og middagsmenyen!

Sjølvsagt harmonerer vin og annan drikke med maten, og Rødseth kan love eit særprega og handplukka vinutval.

– Målet er at dei som bur her får gode matopplevingar, samstundes som vi ynskjer å vera ein stoppestad for gjennomfartstrafikk og lokalbefolkning. Førre helg vart det til dømes både mykje hyttefolk og mange frå både Lærdal, Årdal og Vang innom, som gav god tilbakemelding på mat og at vi var i gang med sesongen.

Kommentarer til denne saken