Bike Beitostølen fekk næringsstøtte. No blir logistikken noko enklare

– Her er det stort potensial og det har vi lyst til å vere med og forløyse, uttalte Kasper Madsen i Bike Beitostølen i 2019. No har dei teke eit steg vidare og kjøpt inn ein Caravelle til bedrifta. Støtta fekk dei av Øystre Slidre kommune sitt næringsfond.