Gå til sidens hovedinnhold

Bli glad i naturen!

Boktips

«Skogens konge» av Line Halsnes gjev deg god og grundig informasjon om elgen. Med lett språk, humoristiske innfallsvinklar og rause illustrasjonar, er det lett å følgje forfattaren når ho tek oss i gjennom elgen sine særtrekk og levemåtar. Visste du at elgen av og til dukkar under vatn for å eta planter som inneheld nitrogen? At nokre piggoksar rullar seg i brunstgropene til dei eldre for å lukte tøff okse? Lurer du på korleis elgmjølk smakar, kva eit fjølgevir er eller korleis du kan laga smykke av elgbæsj? Og kva er lurt å gjera når du møter elg? Korleis kan du lokke på elgen, og på kva slags måtar kan du jakte på han? Og går det eigentleg an å temme elgen? Dette og meir til får du svar på i denne boka. Fin å lesa for store og små i lag.

«Hjelp småkrypene»av Kristine Kujath Thorp fokuserer på edderkoppar, sommarfuglar, bier, mark og maur. Desse smådyra er livsviktige for livet på jorda, og nokre artar er i ferd med å forsvinne. Korleis kan vi hjelpe dei å overleve? Det er nettopp dette som er temaet i boka, og her er det mange fantasifulle forslag som kan tenne nysgjerrige og grunnforskande barn. Her finn du gjennomillustrerte steg for steg-oppskrifter på korleis du til dømes kan lage småkryp-badeland, bungalowar for bier og magiske metamorfose-motell for sommarfugllarver. Underteikna er ikkje heilt sikker på om ho ville likt å ha eit innandørs borg-hotell for maur bak sofaen, men dette er likevel fornøyeleg og inspirerande lesing for barn med mykje fakta smetta inn.

Bøkene finn du på biblioteket.

Anbefalt av Marit, Øystre Slidre folkebibliotek

Kommentarer til denne saken