GRINDAHEIM: «24. mai blir det ein del helikopterflyging i området Grindaheim – Skutshorn», opplyser Vang kommune på sine nettsider.
Dette skjer på grunn av synfaring med Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE), i samband med montering av kontinuerleg overvaking av Skutshorn, skriv kommunen.
Rasutsett parti
I fjor sommar gjekk NVE ut med informasjon om at fjellet Skutshorn, på Vennissida av Vangsmjøsa, vil bli kontinuerleg overvaka grunna eit rasutsett parti i fjellet.
Årsaka er at det vart oppdaga at deler av fjellet er i rørsle, og beveger seg opp mot tre centimeter i året. Det blir dermed omtala som eit høgrisikoobjekt.
Les også
Ras kan leggje heile bygda under vatn: – Vi må ta dette på alvor

Les også