I denne planen lærte vi om fleire nye plassar som til og med historikaren og konservatoren i huset ikkje hadde høyrt om. Det var ein fyldig og flott plan med eit tresifra antal sider, med kart og bilder. Det stod også at alle Valdres-kommunar hadde fått 100 000 kvar for å lage ein slik plan. Planen var av ny dato og vi drog trøystig av garde.

Eg kan ikkje skrive kva for ein kommune dette gjeld og eg trur situasjonen kanskje er lik i alle seks kommunar. Når ein les i planen, står det ord som formidling, læring, turmål, kultur og verdiar. Eg forstår sjølvsagt at det er viktig å ha ein plan, viktig å registrere og få oversikt. I planen stod det lista opp det eine flotte kulturminnet etter det andre, det stod om å vera innbydande og lett tilgjengeleg og å vera stolte og ta vare på. Vi opplevde til dels noko heilt anna.

Vi kom til ein plass omtala i planen og tok oss fram til kulturminnet. Det stod ingen skilt om at det var privat og forbode, så vi vart overraska då ein bil kom i stor fart og vi fekk klar melding av sjåføren om å ikkje vera der vi var. Etter litt prat roa vedkomande seg ned og vi prata fredeleg, men grunneigaren var tydeleg på at det ikkje skulle vera noko besøk til dette kulturminnet. Så vi tusla tilbake til bilen, litt skamfulle og litt forbausa.

Turen gjekk no vidare og vi kom til nye plassar. Ein stad stod det at det var kommunen sin eigedom, så vi lista oss nærmare. Vi såg det var ein bil der og fekk kontakt med to personar. Vi sa vi var på kulturminnetur. Vedkomande seier då at han nettopp har kjøpt denne eigedomen, men at vi berre kunne rusle rundt og sjå. Han låste opp hus og sa vi kunne gå overalt. Han var ivrig og stolt og venleg. Vi fekk lov å fotografere og vi vart ynskt velkomen tilbake.

Vi såg mykje fint og interessant på turen vår. Vi lærte noko nytt og vi kjende stoltheit. Det som er rart, er kor stor skilnad det er på plan og verkelegheit. I planen står det om samarbeid på tvers av etatar og kommunale institusjonar, det står om å bevare og halde ved like, det står om kulturskattar i lange lister. Det kunne like gjerne stått Luftslott 1, Luftslott 2 osv.

Heldigvis var det unntak, men det vi sat att med, var nedgroing, avskalla måling, manglande framdrift i høve til planen, lappverk og forfall. Det som i utgangspunktet var bygd solid og hadde klart seg i hundrevis av år, det såg vi håp for, men ikkje på grunn av kommunal innsats og ikkje på grunn av ein plan.

Ein kan stille spørsmål ved om kulturminne som har blitt teke vare på ved hjelp av offentlege kroner, frivilleg arbeid og innsats og hjelp frå museum og andre institusjonar, berre kan stengast av grunneigar? Ein kan lure på om kulturminne berre kan seljast til private? Kva er vitsen med ein plan? Den blir ikkje tatt omsyn til, den fører ikkje til noko som helst.

Eg veit at svaret er økonomi, som det alltid er. Det finst ikkje pengar. I Ulnes har vi ein haug kalla Ivarshaug, den er kommunal eigedom. Gjennom prosjektet «Rydd et kulturminne» i 2007, fekk Ulnes skule midlar og kommunal hjelp til nødvendig vedlikehald på Ivarshaug. No er det 15 år sidan.

Kva skjer med Ivarshaug vidare når ingen kjenner ansvar eller tek ansvar? Eller med andre kulturminne rundt om i Valdres som rotnar, gror att, dett ned, smuldrar opp og blir øydelagde?

Det er ikkje nok å lage ein plan, å ha ein plan. Kulturminneplanane er ikkje verdt papiret dei er skrivne på, dei hjelp ingenting. Det må handling til. Så alle kultursjefar i Valdres, set i gang!