Gå til sidens hovedinnhold

Bøndene må sikrast ei anstendig inntekt for å produsere maten vår

Årets jordbruksoppgjer kan bli eit jordbruksopprør. Det er på tidene å gje bøndene eit løft.

Leder Dette er en leder. Lederen gir uttrykk for avisens holdning.

Neste veke leverer bondeorganisasjonane inn kravet sitt for årets jordbruksoppgjer til staten. Med det blir ei av dei meir krevjande jordbruksforhandlingane dei siste tiåra innleia.

Formelt er saksgangen som fylgjer: Noregs Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag leverer kravet sitt. Dette inneheld mellom anna krav om inntektsutvikling, fordeling av overføringane til jordbruket og konkrete krav om pris på ein del jordbruksvarer. Staten vurderer kravet, og kjem så med sitt tilbod. Innan 17. mai skal staten og bondeorganisasjonane så ha vorte samde om ein avtale.

Jordbruksforhandlingane 2021 blir vanskelege. Den økonomiske tilstanden i Noreg ber framleis preg av koronapandemien, og staten vil søkje å bruke mindre pengar der han kan. Likevel bør bøndene i årets jordbruksoppgjer har gode kort på handa.

Fjorårets oppgjer vart sterkt avgrensa. Partane valde å gå inn for ein forenkla avtale, der dei store spørsmåla og krava vart utsette til 2021. Leiar Lars Petter Bartnes i Noregs Bondelag var derimot tydeleg på at kampen står i 2020. At norske bønder er kampklare føre årets oppgjer, er det nystarta #Bondeopprør eit uttrykk for.

Inntektsutviklinga i jordbruket har frå 2015 til 2020 utgjort 50 300 kroner i snitt per årsverk. Lønsveksten i samfunnet elles er på 73 700 kroner. Prognosen er at bondeinntekta i år, eller «vederlag for arbeid og eigenkapital», i snitt blir 393 700 kroner per årsverk. Men det er store skilnader internt i jordbruket. Eit årsverk i sauenæringa er til dømes estimert til å bli berre 190 400 kroner.

Når fjorårets lønshopp i jordbruket i stor grad skuldast stengde grenser og auka sal på grunn av mindre svenskehandel, seier det mykje om kor sårbart jordbruksinntekta er for svingingar internasjonalt.

Føre årets forhandlingar tok fem norske bønder initiativ til #Bondeopprør. På kort tid har over 11 700 slutta seg til Facebook-gruppa til opprøret. Når inntektsgapet mellom bøndene og andre år for år blir større og større, er det på tide med eit godt opprør, og ikkje berre eit godt oppgjer. Synet på bønder og tydinga for norsk matproduksjon har endra seg det siste året.

Pandemien har ført til at fleire politikarar snakkar varmare om verdien av å produsere mest mogleg mat i Noreg. Det er bra, men det er ikkje nok med mental og moralsk støtte, bøndene må også sikrast ei anstendig inntekt for å produsere maten vår.

Kommentarer til denne saken