Og det gjeld for deg, mor di, far din, ungane dine – ja, for alle saman. I mange medium er det fokus på høge matvareprisar og kjøt-kutt her til lands. Ein kan spørje seg om ein har gløymt den kritiske matsituasjonen som er i ferd med å etablere seg i verda.

Pandemi, krig, klimaendringar og fare for global økonomisk tilbakegang har ført til at verda står overfor den største matkrisa i verda nokon gong, i følgje ein rapport frå FN i haust. Omlag 50 millionar menneske i 45 land står på randa av hungersnød.

2023 er også venta å bli eit særs kritisk år kva gjeld matproduksjon, dette gjeld og i Europa. Krigen i Ukraina er ein faktor. Høge kostnader på bondens innsatsfaktorar som dreg lønsemda med å produsere mat drastisk ned, er ein anna faktor.

Sør-Europa er nok ein gong ramma av tørke, etter den turraste sommaren på 500 år i fjor, og ein særs snø- og regnfattig vinter. Dette, og truleg meir ekstremvær knytt til klimaendringar, skapar utfordringar for bønder og matproduksjonen, og kan forverre den globale matsituasjonen. I Norge er vi om lag 40% sjølvforsynte med mat. Vi er eit av landa i verda med lågast sjølvforsyningsgrad! Vi er med andre ord avhengig av import for å sikre nok mat til vår eigen befolkning.

Slik verdssituasjonen er no, har vi ikkje berre ein moralsk plikt i å produsere det vi kan av mat sjølve for å bidra til å dempe presset på den globale matsituasjonen, men vi må og syte for å auke sjølvforsyningsgraden vår og gjere oss mindre sårbare for dei globale utfordringane vi kjem til å få meir av i framtida.

Då er det jo eit paradoks at den norske bonden for tida må kjempe for å få lov til å produsere mat. For når Budsjettnemda for jordbruket la fram tala sine for eit par veker sidan, syner den at samla inntektsvekst for jordbruket i 2023 er lågare enn forventa, og at det i praksis ikkje er nokon realinntektsvekst. Verst er det for mjølkebonden kor inntekta nærmar seg faretruande 2015-nivå. Men også andre produksjonar som vi har mykje av i Valdres, slik som saue- og ammekyrhald, har svært lav lønnsemd. Det sjølv etter eit relativt stort jordbruksoppgjer i 2022, som i realiteten vart eit kostnadsdeknings-oppgjer.

SSB la tidlegare fram statistikken sin over snittinntekt frå jordbruket, som viste seg å vere under 200 000 kroner i 2021. Altså under fattigdomsgrensa. Den lave lønnsemda har ført til at fleire bønder i Valdres og i landet elles er i tvil om framtida. Om forbrukarane ikkje ynskjer eller kan betale det det faktisk kostar å produsere maten, så er vi avhengig av at staten bidreg med statlege midlar og gjer oss framtidstru, og deg tryggleik – mattryggleik. Nettopp ein av grunnane til at vi har eit jordbruksoppgjer.

No er det klart for eit nytt jordbruksoppgjer. Kanskje det viktigaste oppgjeret i moderne tid. Vi er heilt avhengige av at inntektsgapet til andre yrkesgrupper blir tetta og at framtidstru for matproduksjon i Noreg blir etablert. 

Så ja, du bør bry deg! Vi treng at du som forbrukar heiar på oss bøndene, og ikkje minst at du vel norsk mat i butikken. Aller helst av kjende bondeeigde merkevarer.