Brannvesenet redda rådyr ved Ulnes

Gode hjelaparar: Nord-Aurdal brannvesen berga søndag eit rådyr som hadde gått gjennom isen litt nord for Ulnesbrua.arkivfoto: ivar svensson

Gode hjelaparar: Nord-Aurdal brannvesen berga søndag eit rådyr som hadde gått gjennom isen litt nord for Ulnesbrua.arkivfoto: ivar svensson

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

NORD-AURDAL: Nord-Aurdal Brannvesen melde søndag at dei måtte rykkje ut for å hjelpe ein elg som hadde gått gjennom isen litt nord for Ulnes bru. Då dei kom fram synte det seg at det var eit vakse rådyr, fortel beredskapsleiar Ivar Svensson.

– Folk som såg tre dyr på isen varsla viltnemnda då eitt av dyra gjekk gjennom. Dei trudde det var elg, og at to kalvar kom seg trygt i land att, fortel Svensson.

Isen på staden var særs tynn, men Svensson fortel at mannskapa frå brannvesenet brukte ein redningsflåte som dei også nyttar når det er folk som har gått gjennom isen.

– Då gjekk det greitt å koma seg ut til rådyret som låg i råka, ved å slå sund isen framfor flåten etter kvart, seier Svensson.

Rådyret vart lyfta opp or råka, og etter kvart sett i land på Ulnesøy-sida, legg han til.

Artikkeltags