Til lags åt alle kan ingen gjera, skreiv Ivar Aasen i eit dikt. Det blir nok også sluttresultatet av brøytekonflikten på Nordfjellstølen i Etnedal. Saka har versert gått i mange år, både i Etnedal kommune og i rettsvesenet, og uansett kva resultatet ville bli til slutt, blir nokon misnøgde.

Spørsmålet, eller kjernen i konflikten, er om det skal vera vinterbrøyta veg fram til dei øvre hyttene i hyttefjellet på Nordfjellstølen. Desse tomtene vart i si tid bygd og selde utan tilgang på vinterbrøyta veg. Eit tilbod om snøskuterteneste har eksistert sidan 1980. I fleire år har nokre hytteeigarar i området kjempa for at vegen skal bli brøyta på vinteren. Det gjer det enklare å frakte seg sjølv, bagasje og utstyr til hytta på vinteren. Desse fekk medhald frå lekdommarane då spørsmålet om vinterbrøyting var oppe i jordskifteretten i 2018, men Eidsivating lagmannsrett gav derimot i 2020 medhald til motstandardane av vinterbrøyting. Det er ikkje til å stikke under ein stol at jordskifteretten nok aldri skulle ha gitt medhald i 2018.

Ei av utfordringane er at vegen er bratt og den må utbetrast. Særleg gjeld dette Onsrudbakken. Om vegen blir brøyta på vinteren, kjem det også i konflikt med ynsket om å ha ei samanhengande langrennsløype frå Tonsåsen/Fjellsbygda og Bjørgovarden/Danebu, med kopling til løypenett som Aurdal og Kruk løypelag disponerer og brøyter. I tillegg er det eit fåtal av hytteeigarane i området som faktisk ynskjer vinterbrøyta veg, og ikkje minst er det grunneigarane av vegen som må søkje om utbetring av vegen sin, sjølv om det skulle vera på vegne av andre.

Etnedal kommune må ta sin del av ansvaret for at konflikten har pågått så lenge. Gamal og uklar reguleringsplan, uklare privatrettslege tilhøve, og at kommunen i år gav brøytetilhengjarane lov til å utbetre Onsrudbakken utan løyve frå grunneigarane, er nokre av årsakene til at konflikten har fått halde på fram til no. Det er også svært uklart kven som i så fall skulle betale for denne utbetringa, og kven som står ansvarleg for brøyting og vedlikehald av vegen når grunneigar sjølv ikkje har gitt løyve.

Førre veke var kommunestyret på synfaring på Nordfjellstølen. Det skjedde etter massiv klagestorm mot kommunen etter vedtaket om at Onsrudbakken kunne utbetrast. Eit einstemmig kommunestyre har no teke klagane til fylgje, sidan det ikkje er heimel i lovverket for å gje løyve til utbetring.

Konflikten handlar i grunn om noko heilt grunnleggjande: Kva skal vektleggjast når det er motstridande interesser, skal «alle» ha krav på vinterbrøyta veg fram til hytta si, og skal hytteeigarens interesse trumfe grunneigarens interesse. Strengt teke burde saka vore stoppa for lengst.