(Firdaposten)Solveig Strand er konservator hos Norsk institutt for bunad og folkedrakt. Ho har sett folk kombinere mykje rart til bunad. – Det er mykje småting. Eg ser at enkelte byter ut bunadssko med pumps. Eg har òg sett folk gå i joggesko. Det siste har kanskje noko med at dei har ilt i føtene, og då kan ein ikkje akkurat seie noko på det, seier Strand til Firda.
I dag har ca. 70 prosent av kvinnene i Norge bunad, og dei fleste får den til konfirmasjonen. Herrebunad blir også meir og meir populært, men dei får den gjerne seinare i livet, fortel konservatoren.
– Smink deg naturleg
Tradisjonane er mange, men det er ein del generelle bunadsreglar ein bør følgje.
– Bruk sølv som høyrer til bunaden din, med mindre det er arvesølv. Folk som blandar sølv gjer det ofte fordi dei føler seg heime i fleire område. Det må vere lov, meiner Strand.
Men mørk sminke er litt fy-fy.
– Om du brukar sminke bør den vere naturleg. Ikkje ta den raudaste leppestiften du har. Om du må bruke solbriller, ikkje vel dei med mest prangande Gucci-logo eller dei du brukar i skiløypa. Gå for dei som er mest diskré, rår Strand.
Og treng du paraply, vel ein som er heilt svart eller gjennomsiktig.
– Om du treng jakke bruk cape eller jakke som høyrer til bunden. Om bunaden ikkje har det kan du t.d. strikke ei kofte som matchar. Det er betre enn å gå med vindjakke, sjølv om det også er betre enn å fryse, sjølvsagt.
Fleire droppar hovudplagget
Men det er ein ting ho saknar.
– Eg synest folk må bli flinkare til å bruke hovudplagget til bunaden sin. Mange vil ikkje eingong prøve det, men faktisk kler folk det ofte betre enn ein trur. Spesielt små, nette hovudplagg burde ikkje vere eit problem.
– Kva trur du er årsaka til at folk vel det vekk?
– Folk er ikkje vande med å bruke noko på hovudet. For mange er det framand og rart. Men i det gamle bondesamfunnet, som mange av bunadane er basert på, var hovudplagg obligatorisk.
Det er også historisk korrekt å sette oppe håret eller flette det når du går i bunad.
– Før hadde kvinnene berre utslått hår ein dag – og det var på bryllaupsdagen, seier Strand.
Flatfylla høyrer ikkje med
– Er det innanfor å drikke i bunad?
– Bunaden har sitt utspring i norskdomsrørsla, som opphavleg var ei avhaldsforeining. Reis gjerne på sjampanjefrukost, eller ta deg eit glas vin og kos deg, men du treng kanskje ikkje å gå på flatfylla. Hugs også at du har eit dyrt plagg på deg, svarar Strand.
– Og kva skjer viss du bryt bunadskoden?
– Ingenting er ulovleg, og du blir ikkje straffa for det på nokon måte, men det er ikkje historisk korrekt, avsluttar Strand.
Kommentarer til denne saken