Leiar Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for avisa si haldning.
Tidsalder før koronaen: Sju bussavgangar dagleg til frå Fagernes til Oslo. Godt tilbod kvardag som helg, austover og vestover. No: Bussavgangane er halverte. Passasjerane sviktar. Det er krise for dette kollektivtilbodet i Valdres.

– Vi har levd i troen på at trafikken vil normalisere seg, men vi ser liten økning. Det er svært skuffende.
Skal me kunne bu og leva godt i distrikta, treng me å koma oss rundt også utan bil. Eit godt rutetilbod for buss, og tog der det går, er ein nødvendig ingrediens i ein god distriktspolitikk. Kollektivtransport er viktig ikkje minst for unge, studentar og turistar som treng og ynskjer å koma seg rundt. Men ei bussekspress-linje som Valdresekspressen betyr langt meir.
Valdres mista toget på 1980-talet, og småflyplassen i 2018. Valdresekspressen frå Oslo gjennom Valdres og til Beitostølen/Sogn er ein transportveg for lokalbefolkning og tilreisande. Øst-vestekspressen mellom Lillehammer og Bergen likeins. Under koronapandemien svikta busspassasjerane rutetilbodet. At passasjerane ikkje har vendt attende til kollektivtransporten er urovekkjande.
Dei sju daglege rutene frå Fagernes til Oslo har vorte til tre. Administrerande direktør Helge Kvame i JVB seier selskapet for tida køyrer med underskot. Det held ikkje i lengda når passasjerane er bytta ut med underskot. «Vi kan ikke fortsette å sponse Oslo-avganger i årene som kommer, om trafikken ikke tar seg opp», seier Kvame.
JVB og Valdresekspressen er ikkje det einaste kollektivtilbodet som slit. Til og med i hovudstaden varslar det kommunale selskapet Ruter at busstilbodet vil bli kutta om ikkje passasjerane vender attende.
Kutt i rutetilbodet råkar mange, men fyrst og fremst dei som gjerne ikkje har noko anna alternativ til kollektivtransport. Busskutt råkar dermed skeivt og usosialt, men det er på ingen måte grunn til å klandre JVB. Her må ballen spelast over til regjering og Storting.
Den nye raudgrøne regjeringa gjorde det til eitt av sine varemerke i valkampen å kjempe for ein betre distriktspolitikk. I revidert statsbudsjett for 2022 har Arbeidarpartiet og Senterpartiet likevel ikkje klart å finne pengar til forlenga koronakompensasjon til kollektivselskapa. Det er rett og slett for dårleg. Me kan ikkje forvente at busselskapa skal fortsetje å gå i underskot, men me er avhengige som region av å ha eit godt rutetilbod.
No må sentrale styresmakter på banen.