Han meiner at valdrisane gjer seg sjølv ein bjørneteneste ved at tilgjengelenge hus og leilegheiter til sals og leige ikkje blir lagt ut på marknaden.

I staden blir bustadene avtalt seld eller leigd ut via kjennskap og venskap. Det kjem fram i ein ny bustadkartleggjing frå Valdres, som konkluderer med at bustadmarknaden her rett og slett ikkje fungerer. Med under 20 bustader til sals i Valdres er det ikkje mykje tilgjengeleg i ein region der det for tida føregår mange spanande utviklingsprosjekt.

Med få bustader ute på nettsider som Finn.no, er det også vanskeleg å finne stader å bu for dei som ynskjer å flytte til Valdres om ein ikkje kjenner folk frå før, eller kjenner til kvar ein i så fall kan finne aktuelle bustader. «Valdres framstår som lukket, uten boliger eller jobber tilgjengelig», seier Hedløv Engh. Han har heilt rett.

Nord-Aurdal kommune har som mål at det skal skapast 200 nye arbeidsplassar innan 31. desember 2026. Då trengst det bustader. Det er bra at kommunane legg til rette for bustadtomter, som mellom anna på Marsteinshøgda, der det no skal regulerast for 25 bustadtomter. Leilegheitsprosjektet på JVB-tomta i Fagernes, som avisa Valdres har skrive om tidlegare, er også eit godt døme på at det blir arbeidd med å få fleire bustader inn i marknaden på sikt.

Men for mange er også terskelen for å byggje høg, særleg om ein ikkje veit om ein blir buande eller ikkje. Ei hovudutfordring Valdres deler med store delar av Distrikts-Noreg er nettopp fallet i marknadsverdi for nybygde hus. Kor stort gap det er mellom bustadmarknaden og fritidsbustadmarknaden, blir svært synleg når eit prosjekt som Riddergaarden på Beitostølen kan leggje ut leilegheiter for opp mot 10,4 millionar.

Difor trengst også ein velfungerande marknad for sal/leige av hus og leilegheiter – til normale prisar. Kartleggjingane som no blir gjort i Valdres er eit viktig og godt steg på vegen for å løyse bustadutfordringane i Valdres.