Kronikk Dette er ein kronikk, skrive av ein ekstern bidragsytar. Kronikken gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Denne påstanden, som Knut Hermundstad sikkert skreiv i fullt alvor og beste meining, lyste imot meg ein dag eg bladde i Tidsskrift for Valdres historielag frå 1964. Fyrste stykket i heftet handla om Dr. Torstein Høverstad, oppvaksen på solsida i Vang.
Hermundstad har, viss eg har forstått det rett, vore blant Valdres’ fremste og mest brukte historieskrivarar. Visste han ikkje at Torstein Høverstad hadde engasjert seg imot at den danske jøden Hans Salomon skulle få konsesjon på ein gard i Vang? Eller var det nettopp difor Hermundstad skreiv det han skreiv?

Ingeborg (61) med sterk kost om Valdres-samfunnet: – Det er dessverre sannheten. Og den må fram.
I stykket skriv han at Høverstad budde utanfor bygda største delen av livet. Men fordi han hadde god utdanning og hadde skrive så mange vitskapelege sogeverk, var han ekstra gjæv og viktig for bygda. «Han var så ofte høvdingen som elda opp og rettleidde folki sine i tale og skrift til ideelt arbeid for Valdres,» skreiv Hermundstad vidare.
Etter å ha lese Ingeborg Solbrekkens bok «Jøden og jorden», der ein knapt kan tru korleis «bygdas beste menn» fór åt mot Hans Salomon, er det nesten så det veltar seg inni ein å lesa om Høverstad i nemnde tidsskrift. Korleis skal vi no vurdere alt det andre Hermundstad har skrive i årbøker og bygdebøker?

– Forferdeleg stygt gjort
Visst er det mykje sanning i at den norske bonden bygde landet vårt. Men han ville aldri greidd det åleine. For det fyrste hadde han som regel ei kone! Og kvar ville den gjæve bonden vore utan trælar, seinare husmenn og lausarbeidarar til å hjelpe seg med å dyrke jorda? Var det skogbonden sjølv som hogg tømmeret sitt i dei djupe skogane, så langt unna garden at han laut bu i ei barkoie eller ei iskald plankebu heile veka? Eller som stod i iskalde, flaumdigre elver til livet for å få tømmerstokkane på rett lei under brøtningen? Nei, slikt hadde han undersåttar til.

Jeg kunne ikke dy meg, og spurte om hun kjente en eneste norsk person som jobbet på kafé?
I dag er det heilt andre folkegrupper enn nordmenn som bygger vidare på landet vårt, slik Marit Nythun Utheim skreiv i ein kronikk nyleg. Vi er heilt avhengig av utlendingar for å dyrke jorda vår, berge bærhausten, bygge hus og vegar, køyre buss og ikkje minst: Laga og servere oss mat!
Sønnen til Salomon imponert over arbeidet: – Vi visste jo mye om hva som skjedde. Men hun har klart å finne ut enda mer.
Bønder på gamle ættegardar var altså blant dei gjevaste i alle bygder før, ikkje minst i Valdres, etter det vi kan sjå av Hermundstads artikkel. Når ein ættegard stod i fare for å koma på framande hender, laut bygda ta affære. Spesielt når denne framande var jøde, Gud forby!
Høverstad skulle ha fått sin fedrane-arv i rik monn, som sette djupe merke i han, las vi. I det nasjonale synte han ein samlingshug på «kavnorsk grunn», skreiv Hermundstad. Ikkje rart han såg ei ekstra viktig misjonsoppgåve i å hindre at ein jøde fekk kjøpt Sørre Leirhol, riddargarden som visseleg hadde høyrt ei gjæv ætt til.
Eg kan skjøne at elskhugen til Noreg som eit sjølvstendig land vaks seg stor i åra etter 1905, då vi endeleg vart eit heilt fritt land att etter unionen med Sverige sidan 1814. Det begynte forresten alt med nasjonalromantikken 1840-åra. Men kvar er den kristelege samanhengen mellom å elske sitt land og å jaga bort dei som ikkje er fødde her? Noreg har aldri vore eit land berre for nordmenn. Her har det budd samar og kvener frå gammalt av, sjømenn frå Kontinentet har slege seg ned langs kysten opp gjennom hundreåra, og skogfinnar sette spor etter seg mange stader austafjells.

– Gjør virkelig dypt inntrykk
Apropos det, visste du at syskenborna Bjørnstjerne Bjørnson og Rikard Nordråk, som skreiv tekst og tone til Ja, vi elsker, båe var av skogfinsk ætt frå ein husmannsplass under garden Nordråk i Søndre Land? Visste Høverstad eller Hermundstad det, tru?
Det dukka opp mange skandalar kring alt forfattar Ingeborg Solbrekken vart nekta innsyn i medan ho jakta på kvar jødane sin formue tok vegen i krigsåra. Ei forskargruppe arbeider vidare no med å få til ei forskrift om at dette skal bli tilgjengeleg, så før eller seinare kjem dette òg for ein dag. Ikkje berre det som skjedde i Vang, men mange andre stader i landet òg.

– Dette er umusikalsk så det holder. Banken bør snarest mulig utvise åpenhet.
I Noreg hadde nazistane Vidkun Quisling som samlingsmann både i åra før og under krigen. Bondepartiet var fyrste samlingsmerket hans, men sidan det gjekk for tregt å få til den nasjonale samlinga han var ute etter der, skipa han Nasjonal Samling i staden – i 1933.
Nasjonal Samling heitte altså partiet som sytte for at nesten alt som var att av jødar i Noreg vart sende til Holocaust i 1942. Samling på kavnorsk grunn, kalla Hermundstad det som Høverstad stod for. Ser vi ein samanheng her? Høverstad vart ikkje medlem av Nasjonal Samling, slik mange av «bygdas beste menn» vart i Vang, men idégrunnlaget var farleg likt. Høverstad tok avstand frå nazismen, men skjønte ikkje kor likt hans eige syn på jødar og framand kultur var det nazismen forfekta.

Stortingsrepresentanten fra Skrautvål flyktet landet og fikk boet inndratt av lensmannen – nå vil Ingeborg finne ut hva som skjedde
Med Solbrekkens bok kom det òg for ein dag at krigssoga stort sett er utradert både på biletveggen i rådhuset og i gards- og ættesoga for Vang. Gjeld dette for dei andre kommunane i Valdres òg? Dette bør nokon prøve å finne ut av, helst fagfolk. Dette bør kanskje vera eit aktuelt emne for Årboka eitt av dei komande åra.

Ivar snur og sier fra seg lønna: – Det er mye som har blitt dyrere, så vi må prøve å slanke noe
Kor mykje kan vi lite på av den nære etterkrigshistoria i dei lokale årbøkene og ættesogene? Kva er halde unna for ålmenta der? Dette bør vera opplagte spørsmål å finne svar på etter det Solbrekken har avdekka i boka si. Det blir ofte sagt at det er sigerherrane i ein krig som skriv soga etterpå. Kva då når taparane var «bygdas beste menn», og det av så gilde ætter at dei kunne få sigerherrane til å sladde krigssoga etterpå?

Stortingsrepresentanten fra Skrautvål flyktet landet og fikk boet inndratt av lensmannen – nå vil Ingeborg finne ut hva som skjedde
Eller som avisa Vårt Land skreiv i si omtale av boka 13. mars: «Det går ille når aktørane skriv si eiga krigshistorie. Smertefull sanning vert halden langt unna lyset.»
Uansett må vi lære ein enkel ting av denne historia: Valdrisar er bra folk, nordmenn like eins – men betre enn andre? Nei, korleis kan vi tru det? Rasistisk tankegods burde vore skrota i lag med Hitler og Quisling!
Tilsynet overlater til Valdres Sparebank å vurdere hvilke opplysninger som kan utleveres

Framlegger mer dokumentasjon i innsynssak: Forfatteren hevder det dreier seg om et regelrett ran