Brølet frå bygda. Distriktsopprør. Toppnoteringar på meiningsmålingar og snusing på plassen som største parti. Partileiaren blir heia fram som statsministerkandidat. Så klimaplask og eit bortgøymt opprør.

Senterpartiet har falle og falle og falle på meiningsmålingane dei siste vekene. Sjølv om partiet no hardnakka prøver å glanse biletet med å peike på at årets stortingsval truleg blir eit av tidenes beste, må det svi skikkeleg å sjå både 11- og 12-talet på målingane. Ikkje minst at distriktas parti kan miste eitt av to mandat i Oppland, eit mandat som for berre eit par veker sidan har vorte rekna for å vera sikkert.

Partileiinga og valkampapparatet har openbert forrekna seg når det gjeld kor opptekne mange veljarar er av klima – også utanfor Oslo-gryta. Rapporten frå FNs klimapanel som kom i august får generalsekretæren til å slå kode raud. Strategien om at det ikkje er veljarar å hente på klimapolitikk (i alle fall ikkje den som fører til utsleppskutt) var openbert mislukka for Sp. Det trengst ein radikal snuoperasjon for landbruket, der primærnæringane blir sett på og behandla som løysing, ikkje problemet.

Kanskje skal det vera slik at dei framtidige utsleppa frå landbruket i Valdres går opp, medan dei går ned andre stader. Å nytte seg av dei store beiteressursane som finst i Valdres er framtida for husdyrhaldet.

Det er eit problem for Sp at partiet ikkje er uansvarlege nok for klimaskeptikarane, men heller ikkje ansvarlege nok for dei andre. I ein tabloidisert debatt om kjøttskam, flyskam og bensinskam skal du manøvrere godt for å halde på bønder og distriktsbebuarar som stadig kjenner konsekvensane av klimaendringane, men som er misnøgde med å bli latterleggjorde for å køyre ein brukt dieselbil, og som stadig kjenner på at dei blir halde ansvarlege for klimagassutsleppa fordi dei har husdyr som produserer mjølk og kjøtt. Og som framleis – på Telenor si nåde – driv næring, skulearbeid og strøymer Netflix på hundre år gamle koparlinjer.

Men å berre peike på klimapolitikk er for enkelt. I mange år har distriktsopprøret – «brølet frå bygda» som det heiter i NRK sin nye serie – vore høgt og larmande. Folk har protestert mot høge ferjeprisar og kutt i avgangar. Damer har teke på seg bunaden og reist seg i opprør mot nedleggjing av fødeavdelingar og lange reisevegar for fødande kvinner. Gardsbruk er lagt ned, fylke er tvangssamanslegne. Lensmannskontor er lagt ned, Nav, skattekontor, vegvesenet, legevakter og arbeidsplassar har gått same retninga – mot sentralisering.

I valkampen har derimot distriktspolitikken og sentralisering forsvunne frå agendaen. At klima vart ei viktig sak i valkampen, bør ikkje vera overraskande. Klimapolitikk og -endringane har vore av dei overordna tema i samfunnsdebatten og dei føregåande vala. Når Senterpartiet set seg ned for å evaluere valkampen og korleis det (ifylgje dei siste målingane) kunne gå så ille i innspurten, vil det overraske om ikkje manglande trøkk på klima blir oppsummert som den største tabben. At partileiardebattar og valgomatar i liten grad handlar om distriktspolitikk, må nok andre ta ansvar for.

Dei ulike avisene sine valgomatar bidreg nok også til forvirring om partia sin politikk. Av fem valgomatar eg testa denne veka, fekk eg fire ulike parti på topplassering. Fleire av spørsmåla i valgomatane var også dårlege, det var lite distriktsfokus, og spørsmålsstillinga prega av god, gamal George Bush-retorikk om at du anten er med eller mot noko. Til dømes i Dagbladet sin valgomat er det ikkje mogleg å både vera for vegbyggjing i distrikta og kollektivtransport i byane. Dette er framstilling av politikk som i beste fall verkar fordummande.

Etter valet er det tid for sjølvransaking, både for vinnarar og taparar. Uansett kva parti og kor mange parti som kjem til å sitje i regjering, treng me ei regjering og eit Storting som evnar å sjå BÅDE distrikt OG klima. Me treng løysingar som kan kutte Noregs klimagassutslepp, men som samstundes sørgjer for at det framleis skal og kan bu folk i Distrikts-Noreg. Me treng eit MDG eller Raudt som, om dei hamnar i posisjonen som vippeparti, ikkje legg løysingar for byane til grunn for utvikling i distrikta.