Bok om hus til bry med bidrag frå lokal ildsjel

Av

Forfattaren Else Sprossa Rønnevig er godt kjend, også i kretsar som ikkje til dagleg steller med vernearbeid, eller som generelt ikkje er så glad i gamle hus og kulturlandskap.

DEL

Ho har, gjennom ei rikhaldig liste over bøker ho har gjeve ut gjennom mange år, kome med både spark og gode råd. Ho set fokus på det som er bra, men er heller ikkje redd for å røra ved slikt som er mindre bra. Gjennom eit langt liv som ambassadør for gamle hus, har ho fått opp augo på mange i heile landet. Ho har vore svært tydeleg når ho føler det er nødvendig, noko som har gjeve gjenklang frå høgt til lågt. Når ei ny bok no er komen, har ho invitert folk frå nord til sør i Noreg til å skriva om det som opptek dei i sine nærmiljø. Slik så får me eit godt innblikk i kva andre held på med. For oss i Valdres kan ein artikkel skriven av Odd Arne Rudi, som er bygningsvernrådgjevar her i dalen, gjera at me kjenner oss att.

I boka kjem mange med spark til korleis me handtera vår felles bygningsarv; dei myndigheitene som skulle kjempa for bevaring glimrar ofte med sitt fråvær, utbygging og framsteg får ofte plass fremst i køa når eldre bygningsmasse «står i vegen» for slikt. Forfattarane skriv mellom anna om kor historielaust det er å riva for å bygga nytt. Nytt, som ofte er av ein dårlegare kvalitet enn det gamle. Nytt, som krev mykje energi å bygga. Kunstverk vert borte, både i form av bygget i seg sjølv, men også rike dekorasjonar, ofte av kjende kunstnarar. Når slikt blir borte er det borte for godt, og er eit tap for oss alle. For oss som lever i dag og for dei som kjem etter oss. Samstundes viser det ei ringeakt for dei som levde før oss, som skapte verdiar mange av oss har vore og er avhengige av, som me set pris på, og som er så alt for lette å viska ut for all tid. Den nye boka til Else Sprossa Rønnevig er tenkt som ei debatt-bok. Ting vert satt på spissen, uerstattelege verdiar som er borte, vert omhandla. Andre uerstattelege verdiar som enno består likeeins, kva vil skje med dei?

Artikkeltags