Silje er månadens artist

Silje Onstad Hålien er månadens artist på Riksscenen i Oslo i februar/mars.

Silje Onstad Hålien er månadens artist på Riksscenen i Oslo i februar/mars. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Silje Onstad Hålien frå Vang skal vera månadens artist på Riksscenen i Oslo i februar/mars.

DEL

OSLO: To gongar i sesongen sett Riksscenen følgespoten på ein nyskapande og trendsettande artist med nasjonal eller internasjonal forankring. Intensjonen er å la dei vise seg fram frå nye og uventa sider, men også gjerne ta opp igjen produksjonar som mange fleire burde ha fått med seg.

«4 for Dance»

Alt 1. februar er Silje Onstad Hålien på scenen, med framsyninga «4 for Dance».

«Dansens kraft, energi og kreativitet basert på den akrobatiske hallingen fra Norge og den energiske czardasen fra Ungarn».

Danser og koreograf Silje Onstad Hålien, som vart kåra til Årets norske folkemusiker i 2015, i samarbeid med årets vinner av Landskappleiken i halling, Ulf-Arne Johannessen, møter det ungarske dansekompaniet «4 for Dance» for å utforske urkrafta i spennet frå hallingkast til czardas. Første gang dei møtte kvarandre hadde dei to dagar på seg, før bestillingsverket frå Trondheim World Music Festival hadde premiere.

Resultatet vart ein produksjon der mangelen på eit felles talespråk vart erstatta med ein lang papirrull, der idear og løysingar vart teikna av artistene samstundes som dei vart prøva ut. Ein prosess som viser at i ein slik skapande sone veks møtepunktene fram. Møte mellom tradisjonar, mellom kulturar og først og fremst – mellom folk.

«Dei gamle er eldst»

Laurdag 17. februar er det klart for «Dei gamle er eldst».

Du har garantert sett dei på kappleiksscena, møtt dei på dansefest, sett dei på arkivopptak eller kanskje på «Hall of fame»» – veggen på Riksscenen? Dei trør stega med livsrøynde kroppar og har tyngde i dansen som ungdommen berre kan drøyme om. Dei har skapt yrande dansemiljø kring seg og lærer framleis opp hallingdansarar rundt i heile landet.

Ingar Ranheim frå Fagernes (t.v.) og Dag Hamre frå Slidre skal vera med i Dei gamle er eldst.

Ingar Ranheim frå Fagernes (t.v.) og Dag Hamre frå Slidre skal vera med i Dei gamle er eldst. Foto:

Her er levandegjeringa av dei historiske linjene. Her er dansarane som skal vise korleis det skal og bør gjerast. Dei gamle er trass alt eldst. Silje Onstad Hålien står for koreografien, og ho har mellom anna med seg dansaranene Ingar Ranheim og Dag Hamre, samt musikaren Sivert Holmen, alle frå Valdres, på scena.

«Silje Åleine»

Den siste framsyninga med Silje Onstad Hålien skal vera sundag 4. mars. Dette er kva Riksscenen skriv om stykket:

Silje leikar åleine. Ho likar å vere åleine, men ikkje alltid! Ein dag blir ho kjend med Merete Morskogen, den beste venninna du kan ha.

«Silje Åleine» er ei forteljing om barndom som mange kan kjenne seg att i. Ho er skulejente, men om ettermiddagane leiker ho åleine blant leikestativ i ein barnehage som er stengt. Sjølv om Silje har det fint i si eiga verd, kjenner ho seg etter kvart meir og meir einsam, og ynskjer seg veldig at nokon andre barn vil kome. Og ein dag kjem Merete Morskogen, ei jente ingen andre har møtt eller sett.

«Silje Åleine» er ei framsyning om einsemd, vennskap og fantasiens makt – og om å bli ven med seg sjølv. Ei framsyning der musikk, dans, song, forteljing og skodespel har like stor plass.

Førestellinga er skapt i samarbeid med dramatiker Jesper Halle, og produsert i samarbeid med Riksscenen. Musikalsk ansvarleg er Selma Bolstad, og ljosdesign er ved Sture Moslåtten. Forestellinga er støtta frå Fond for utøvande kunstnarar.

Silje Onstad Hålien

  • Silje Onstad Hålien er dansar, skodespelar og koreograf.
  • Ho er kjend for blant anna framsyninga “101 hattar å sparke før eg døyr”, og gjennom rolletolkingar som Smirre Rev på Västanå teater og Fossegrimens dotter på Det Norske Teatret.
  • I 2015 blei ho kåra til årets folkemusikar, av heile folkemusikk- og folkedansbransjen på Folkelarm.
  • Silje er oppteken av å bruke det folkelege materialet innanfor musikk og dans i eit samtidig uttrykk.
  • Ho er månadens artist på Riksscenen i februar/mars 2018.



Artikkeltags