Li­vets dans: In­gar Ran­heim er råka av Parkinsons sjuk­dom. Til dag­leg har han al­vor­le­ge prob­lem med å kon­trol­le­re rørs­le­ne sine, men det finst ein ak­ti­vi­tet der krop­pen fun­ge­rer som han gjor­de før.  Av ein el­ler anna mer­ke­leg grunn fun­ge­rer det når eg byr­jar å dan­se, sei­er Ran­heim glad. Ein nes­tor in­nan fol­ke­dans­mil­j­øet kan der­med gje­ra seg klar for eit nytt Hilmestemne.
Marianne Granheim TrøYflat

Den magiske krafta i dansen

Han kan danse ein av dei vanskelegaste dansane våre, men knapt nok gå. Ingen veit sikkert kvifor.
Publisert

FAGERNES: – Det er veldig godt å kunne danse, slår Ingar Ranheim fast. Han er tindrande klar for eit nytt Hilmestemne. Det er tysdag og tid for solefallskonsert på Jaslangen. Den skal han ha med seg.

– Ingen problem å finne seg ein plass på ei tue, seier han.

Sjølv om han kanskje ikkje ser ut som den som har dei beste føresetnadene for å ta seg fram i terrenget.

Eit liv med dansen

For atten år sidan fekk Ingar Ranheim konstatert Parkinsons sjukdom.

Ranheim hadde vore svært aktiv i folkedansmiljøet i fleire tiår. Ifølgje kjelder i alle leire, var han kjend som ein stordansar både i valdresspringar og lausdans.

Folkedansen var utan tvil ein stor del av livet hans, og han hadde vore med og utvikla eit godt og solid miljø der andre kunne skinne på dansegolvet.

Og så var det altså han, som av alle, skulle bli råka av ein sjukdom som i så stor grad går til åtak på rørsleapparatet i kroppen.

Manglar muskelkontroll

Parkinsons sjukdom er kjenneteikna av skjelvingar, stive armar og bein, dårleg koordinasjon, dårlegare stemme og vanskar med å styre eigne rørsler. Ranheim forklarar sjølv.

– Eg har ikkje heilt styring med musklane, beskjedane når ikkje fram. Det er stoffet dopamin som manglar i hjernen, seier han.

Han tek medisin, men tek han for mykje, kan rørslene bli overstimulert.

Ranheim har vanskar med å stå stille i det heile. Og skal han først gjera kontrollerte rørsler, er det ikkje alltid det hjelp at andre har rydda vegen.

– Eit flatt golv utan mønster er det vanskelegaste å gå på, seier han.

Lyspære: For den som har Parkinsons sjukdom, kan daglegdagse gjeremål kan bli uoverkomelege.  Ingar Ranheim kan ikkje skur i ei lyspære.

Lyspære: For den som har Parkinsons sjukdom, kan daglegdagse gjeremål kan bli uoverkomelege. Ingar Ranheim kan ikkje skur i ei lyspære. Foto:

– Det opphevar sperringa

Men så var det dansen. Denne evna som ein kanskje skulle tru var det første sjukdomen frårøva han, sit enno som fasttømra.

– Det har hendt eg har visst at eg ikkje greier å gå to steg til kvar side, men eg greier å danse reinlendar, konstaterer han.

Eit lite under, som det skal vise seg at ingen heilt greier å forklare.

Ranheim merkar heilt tydeleg skilnad på å gå og danse.

– Sjølv når eg har teke for lite medisin, kan eg danse. Eg får ikkje den låsen. Det opphevar sperringa, forklarar han.

Ranheim kastar seg rundt på plenen sin og tek nokre steg frå valdresspringaren. Det som mange i desse dagar strevar seg gjennom lange kurstimar for å lære, og vil trenge årevis for å meistre godt, er framleis lett som ein plett for ein som lir av Parkinson.

Minskar feilbelastninga

Ranheim understrekar at det sjølvsagt er ei stor glede for han å kunne danse, same kva. Han synest heller ikkje han blir veldig fort sliten, sjølv om allmenntilstanden er dårlegare enn før.

I tillegg kjem helseeffekten.

–Når eg alltid går feil, belastar det kroppen, seier han og viser korleis fotbladet svingar seg innover, og musklane oppover beinet får lide for det.

Desse problema blir mindre med dansen.

– Når eg dansar fungerer det. Det er veldig bra på alle måtar at eg får retta opp den feilbelastninga eg har til vanleg, forklarar Ranheim.

Skeive røsler: Ingar Ranheim har fått eit gangelag som feilbelastar kroppen. Når han dansar, får han retta opp att litt av feilbelastninga.

Skeive røsler: Ingar Ranheim har fått eit gangelag som feilbelastar kroppen. Når han dansar, får han retta opp att litt av feilbelastninga. Foto:

– Det beste eg kan gjera

Ranheim seier han aldri har fått nokon fullgod forklaring frå legane på kvifor det er lettare for han å danse enn å gå. Men han er tilrådd å halde fram med å danse.

– Det er ingen tvil om det. Å danse er det beste eg kan gjera, seier han.

Han har møtt andre med same sjukdom, som melder om tilsvarande opplevingar. Men det blir vanskelegare om ein ikkje kan danse frå før, og sjølv har han best nytte av dei dansane han alt kan.

– Uvande steg er ikkje så lett. Det må vera dansar eg kan frå før, forklarar Ranheim.

Manglar medisinsk bevis

Stein Helge Tingvoll er spesialist på Parkinsons sjukdom og overlege på nevrologisk avdeling på Lillehammer ved Sykehuset Innlandet.

Han stadfestar at det er bra for pasientar med Parkinson å vera i aktivitet, inkludert å danse.

Stoffet dopamin, som Parkinsonpasientar manglar, blir produsert ved aktivitet.

– Ein får eit betre funksjonsnivå ved å kombinere trening og medisinsk behandling, seier han.

Kvifor det er lettare å danse enn å gå, er ei litt større gåte for legevitskapen.

– Ein har sett det hjå mange. Rasjonalet er at det involverer andre nervebanar, som gjer at dans eller rytme gjev mykje betre rørsle, seier overlegen.

Tingvoll vedgår at dei ikkje har klare bevis for denne teorien.

– Det er eigentleg ikkje bevist. Men i den kliniske kvardagen ser vi at med rytme og dans, er det mykje lettare å røre på seg, understrekar han.

Tingvoll minner om at det ikkje er det enklaste området å forske på.

– Ein greier ikkje å gjera biletundersøkingar av hjernen under dans, påpeikar han.

Dan­sar enno: In­gar Ran­heim tek lett nokre dan­se­steg på ple­nen hei­me på Fa­ger­nes. Had­de kona El­len Pers­vold vore hei­me, kun­ne det kan­skje vor­te råd med ein rundsnu også.

Dan­sar enno: In­gar Ran­heim tek lett nokre dan­se­steg på ple­nen hei­me på Fa­ger­nes. Had­de kona El­len Pers­vold vore hei­me, kun­ne det kan­skje vor­te råd med ein rundsnu også. Foto:

Uttrykk for kjensler

Dans kan altså hjelpe mot mykje. Og det er ikkje alltid ein veit heilt kvifor.

Astri Hognestad er på Hilmestemnet denne veka som føredragshaldar. Ho er psykoterapeut og har mellom anna sett på folkevisene ut ifrå ein psykologisk synsvinkel Kanskje kan ho også seia noko om folkedansen?

– Det handlar om fine bilete og symbol for det som føregår inni ein. Neste steg er å uttrykke det, i dans, måling eller ein eller anna form, forklarar Hognestad.

Dans som livsutfalding

Dans kan vera ein måte å få ut kjenslene sine på. Det stimulerer også kreativiteten.

Hognestad understrekar at det å vera i rørsle, på eitt eller anna vis, er bra for alle menneske.

Dans gjev ofte glede hjå menneske som elles strevar.

– Eg har hatt ein del menneske i terapi som har dansa, og dei uttrykker at det hjelper dei i livet. Eg tenkjer vi kjem inn i kurerande krefter ved å danse, seier ho.

Hognestad er ikkje i tvil om at dansen rører ved noko grunnleggjande i oss.

Dans er jo livsutfalding, folk har gjort det til alle tider. Det skapar fellesskap, konkluderer psykoterapeuten.

Artikkeltags