Kommentar Dette er ein kommentar, skrive av ein redaksjonell medarbeidar. Kommentaren gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Det vart ein hektisk utgang av 2021 og ein pangstart på året for oss i avisa Valdres. Slik vart det for dei rundt 80 andre aviser som anten er heileigde av Amedia eller samarbeider med Amedia, slik som Valdres Media gjer.
Oppland Arbeiderblad, Sogn Avis, Gudbrandsdølen Dagningen, Hadeland, Valdres. I alle avisene i vår region – pluss mange til – har det vore til dels ekstremt høgt stressnivå den siste veka. For vår del i Valdres har det knapt vorte jobba meir med avisene enn dei fire siste papiravisene - denne utgåva inkludert – nokon gong. Utan tilgang til programmet me lagar papiravisa i, og utan å kunne sende ho til trykkeriet, blir det rett og slett utfordrande å gje ut papiravis.
Utfordrande, men ikkje umogleg. De som les avisa, eller ser den ferdige saka på nett, på Facebook, eller papiravisa når de hentar henne i postkassa, håpar eg ikkje har merka så mykje til dataåtaket når det gjeld kvaliteten på journalistikken. Eg håpar at de tykkjer de har fått gode saker og gode aviser dei siste dagane. Me har iallefall prøvd å gje eit så fullverdig og godt produkt som overhovudet mogleg, og nyheitsarbeidet for nettavisa har gått som normalt.
For rundt 80 aviser landet rundt vart det i romjula vart det brått slutt på julefred og ferie. Me mista tilgang til viktige system, som programmet me lagar papiravisa i, annonsar, moglegheita til å teikne nye abonnent, eller stoppe andre, til å endre adresser, feriestoppe aviser osb. for abonnentane. Ingen fakturaer kunne betalast.
Å gje ut avis er ei avis sjølvsagt ekspert på, også i ekstreme situasjonar. Redaktør Torbjørn Moen seier han ikkje kan hugse sist det skjedde at avisa Valdres ikkje kom ut til abonnentane når ho skulle. I den digitale verda i 2021 var det eit dataåtak som måtte til for å rokke ved stabiliteten for papirutgjevinga.
Då dataåtaket var eit faktum førre veke innsåg me ganske raskt at me ikkje ville klare å gje ut avisa torsdag 30. desember. Skulle me då droppe utgjevinga, eller utsetje til fredag? Me valde det siste. Å gje ut avisa, om det så vart ein dag seinare, var viktig for oss. Både fordi me hadde mykje godt stoff klart for papiravisa, men også fordi abonnentane skal ha krav på dei avisene ein har betalt for. Og ikkje minst, vil eg leggje til, for å peike nase til dei som gjekk til åtak på Amedia. Trass i eit massivt og alvorleg åtak klarte me å gje ut like mange aviser i 2021 som me hadde planlagt. Og førebels er me i godt driv for 2022.
Lesarane får sjeldan innblikk i kva type arbeid og kor mykje arbeid som ligg bak kvar enkelt avis. Det er journalistar som har vore ute på reportasje, som skriv og tek bilete, intervjuar kjelder, finn og sjekkar fakta. Det er nettdesk og papirdesk som sørgjer for at sakene blir publisert der dei skal, når dei skal. Trykkeriet gjer datafilar om til papirsider og ei stifta avis, og distribusjonen med sjåførar og avisbod sørgjer for at avisa kjem fram til postkasser og dørmatter.
No desse dagane er det mange som som har stått på for å få avisa til å gå i hop, ikkje minst desken, trykkeri og distribusjon. Det er tidvis jobba dag, kveld og natt for å få ut avisa. Når mange av oss sit på heimekontor, ligg det ein del organisering i å få til ei papiravis.
Papirdesken held til på Fagernes, frontsjefen i Oslo, eg på heimekontor i Vang, og trykkeriet på Biri. Det kan gå fort i svingane og det er mykje å halde oversyn over. Amedia måtte få tid til å utvikle ei reserveløysing for avisproduksjon, me måtte lære oss å bruke den, og ikkje minst ha kontroll og overblikk over kva som skal kvar.
Men me håpar og trur at de som les oss har fått gode saker og gode aviser, om dei kanskje har sett noko annleis ut, og om ikkje papiravisa har like mange sider som vanleg.
Det me førebels veit om åtaket er at det ikkje no ser ut som eit målretta åtak på Amedia. Åtaket er profesjonelt. Det er menneske som gjer dette på fulltid. Som rett og slett har bygd opp ein forretningsmodell på å søkje og finne svakheiter i systema, koma seg inn, kryptere data slik at ein ikkje får tilgang til system og innhald for så i neste omgang å krevje lauspengar for å "frigje" dataa. Amedia har sjølvsagt valt å ikkje betale seg ut - ein kan ikkje vera med på å finansiere kriminalitet.
Det er alvorleg at informasjon om namn, adresse, telefonnummer og epost for abonnentane kan vera på avvege. Per no veit ikkje Amedia om denne informasjonen er brukt til noko, eller om den er planlagt brukt til noko. Eg må berre beklage overfor dykk abonnentane at noko slikt kunne skje.
Om du får rare meldingar, ein sms eller epost frå avisa Valdres eller Amedia som du stussar over, så ikkje nøl med å ta kontakt med oss. Då skal me formidle vidare.
Eg håpar de har tolmod med oss endå litt til medan det blir jobba med å re-etablere systema for abonnement, annonse og papiravis.
Til slutt vil eg ynskje dykk alle eit retteleg godt 2022.