Tåkelegging frå Solvik-Olsen

Regjeringa og samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen satsar altfor lite på utbygging av breiband, meiner Ivar Odnes.

Regjeringa og samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen satsar altfor lite på utbygging av breiband, meiner Ivar Odnes. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Samferdselsministar Ketil Solvik-Olsen har lite å skryte av med sin og regjeringa sin breibandssatsing og dette prøver han nå å dekke over i leserbrev i fleire aviser.

DEL

LeserbrevHer angriper han Senterpartiet for at det ikkje vart bygd ut meire breiband under den raudgrøne regjeringa, samstundes som han skryter av ei utbygging som foregår i dei kommersielt lønsame områda der han og staten ikkje bidreg med ei krone.

Nå er Solvik-Olsen inne i sitt femte år som samferdselsministar og det har vorte vanleg at når han har ei dårleg sak, så skal dette tåkeleggjast ved å angripe dei raudgrøne for at dei ikkje fekk til meir heller.

Det er kanskje på tide at Solvik-Olsen sjølv fortel kva han har bidrege med for å gje breibandsdekning til heile landet?

Eg kan hjelpe han med dei reine tala:

For 2016 foreslo han i budsjettforslaget til breibandsutbygging i ikkje kommersielle områder, 58 mill kr, i 2017 93 mill kr og for 2018 68,7 mill kr.

Han har sjølv opplyst Stortinget om at for å oppnå 90 prosent breibandsdekning til folket, så er kostnadsanslaget på 10 mrd kr og av dette trengst det eit statleg bidrag på 3,7 mrd. Det vil altså gå nærmare 50 år å dekke 90 prosent av Norges befolkning med den farten som Solvik-Olsen legg opp.

At mange blir ramma av det digitale klasseskillet der fleire nå ikkje får tilgang til høgfarts breiband, verkar ikkje å bekymre statsråden mykje.

Ivar Odnes

At mange blir ramma av det digitale klasseskillet der fleire nå ikkje får tilgang til høgfarts breiband, verkar ikkje å bekymre statsråden mykje. Han er meire oppteke av å skjule fakta om ei puslete satsing enn å ta tak i ei nasjonal breibandssatsing som Senterpartiet har føreslege.

Vi la inn 500 millionar kr til breibandsutbygging i 2018. Solvi- Olsen og regjeringa føreslo 69,7 millionar kr. Det er fakta herr samferdselsministar!

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags