Nationen lanserer ny debattarena - #Motkultur

Av

Tysdag 27. november lanserer Nationen sin nye debattarena på nett. Debattarenaen heiter #Motkultur og lanseringa finn stad på Litteraturhuset i Bergen kl. 19.00 same dag. Knut Aastad Bråten og Ole-Jacob Christensen er henta inn som skribentar.

DEL

Norge: – Med #Motkultur vil Nationen gi kraft til motmaktstemmer over hele landet. Målet er at #Motkultur skal bli den viktigaste arenaen for debatt om makt og motmakt, distrikt og desentralisering i landet, seier sjefredaktør Irene Halvorsen.

– Me er svært glade for å ha med både Bråten og Christensen på laget. Med desse to gode valdresskribentane styrkjer Nationen distriktslaget sitt, seier Hilde Lysengen Havro, debattleiar i Nationen.

Meinings- og debattartiklar viktige

For ei meningsberande avis som Nationen er meinings- og debattartiklar svært viktige. #Motkultur skal styrke det offentlege ordskiftet, og bringe viktige lokale- og regionale debattar inn på eit rikspolitisk nivå.

Halvorsen seier motkulturane er eit viktig kjenneteikn med Noreg, som til dømes målrørsla og fråhaldsrørsla.

– Sjølv om statsvitar Steinar Rokkan, som skildra dei norske motkulturane, spådde at dei ville døy ut, har dei stått i mot, seier Halvorsen, som håpar at mange gamle og nye motkulturelle stemmer vil boltre seg i Nationens nye debattarena.

– Debatt er svært viktig for Nationen, og med #Motkultur, som skal samle alt meinings- og debattstoffet vårt, stykar me oss som meiningsavis, seier debattleiar Hilde Lysengen Havro.

Makt og motmakt

I samband med lanseringa arrangerer Nationen ein debatt om makt og motmakt.

– Vi skal diskutere makt og motmakt, og kanskje òg litt avmakt. Trengst ei motmakt til Oslo? Representerer dei nye regionane ei slik motmakt, eller vil dei verke maktsentraliserande innanfor sine regionar?, er spørsmål me håpar mange vil koma og diskutere i Bergen, seier Havro.

Ti nye skribentar

Nationen har henta inn ti nye skribentar som skal skrive fast for #Motkultur. Desse er:

Fatima Almanea, student, aktiv i AUF og skribent. Frå Verdal i Trøndelag.

Hilde Bjørkhaug, forskar ved NTNU og Ruralis.

Knut Aastad Bråten, redaktør av Syn og Segn, frå Nord-Aurdal i Oppland.

Ole-Jacob Christensen, småbrukar, MDG-politikar og skribent, frå Vestre Slidre i Oppland.

Marianne Dolpen, sauebonde og landbruksdebattant, Rennebu i Trøndelag.

Torill Olsen, skribent og nestleiar i ForFinnmark, Vadsø i Finnmark

Aasmund Nordstoga, mjølkebonde og songar, frå Vinje i Telemark

Audun Skjervøy, jordbær- og potetbonde og tidlegare redaktør i Dag og Tid, frå Norddal kommune i Møre og Romsdal

Inger Johanne Sæterbakk, skribent og forfattar, frå Orkanger i Trøndelag, busett i Oslo

Bjarne Undheim, bonde og lokalpolitikar for Sp og tidlegare leiar I Norges Bondelag, frå Time i Rogaland

Alt i dag har Nationen fleire faste spalter med faste, gode skribentar. Desse spaltene er Fra Løvebakken, Faglig snakka, EU-tanker, Kjekstad på fredag (tidlegare redaktør Erling kjekstad sin faste spalte) og Helgemat.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags