Realitetar eller propaganda ?

May Kristin Haugo og Tonje Buajore Sveberg på besøk hjå pelsdyrbonde Erik Andre Flaate Lien, under open dag i juni 2016.

May Kristin Haugo og Tonje Buajore Sveberg på besøk hjå pelsdyrbonde Erik Andre Flaate Lien, under open dag i juni 2016. Foto:

Av
Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

Aktuell debatt: Helga Riekeles frå Larkollen skriv ofte i debattspalter i fleire aviser med stygt språkbruk om pelsdyroppdrett. I avisa Valdres den 8. desember utnyttar ho den rause ytringsfridomen her i landet til det fulle, med totalt verkelegheitsfjerne beskrivelsar om pelsdyrhald.

Ei styrke for demokratiet.
Når det gjeld den grundige behandlinga som ligg bak Stortingsmeldinga om pelsdyr som nyleg er lagt fram, så er det ein ting som kan slåast klart fast:

Hvis det ikkje hadde vore ein klar fagleg basis og støtte for ei framtidig berekraftig pelsdyrnæring med fokus på dyrevelferd, så hadde heller ikkje regjeringa innstilt på det.

«Dyrevernarane» har jobba intenst gjennom sosiale medier, og med lobbyisme med sin propaganda inn mot politikarar for å så splid om den faglege støtta til framtidig pelsdyrhald.

Det er heldigvis eit godt teikn på at vårt demokrati fungerar godt, ved at Stortingsmeldinga så tydeleg slår fast med mange faglege konklusjonar, tilråding om berekraftig utvikling for pelsdyrnæringa.

Opne pelsdyrgardar.
Pelsdyrbønder over heile landet har dei siste åra hatt aktiv strategi med opne pelsdyrgardar, for at folk flest skal kunne få anledning til sjå realiteten for gardsdyra. I Valdres og Hallingdal har me dei siste 5 åra arrangert 22 opne dagar, i tillegg til at mange politikarar er inviterte og har gjort besøk utanom dei opne dagane. Ved desse gardsarrangementa har over 1100 personar besøkt våre pelsdyrgardar, og tilbakemeldingane er positive frå så godt som alle besøkjande.

Det som kanskje gjer mest inntrykk under slike gardsbesøk er ofte ungdom sine reaksjonar, der dei fleste av dei har veldig lite kjennskap til husdyrhald generelt. Me opplever at ungdom som kjem og ser på realiteten for gardsdyra blir glade og overraska når dei ser at dyra har det godt, er rolege og tillitsfulle, og at dei ikkje lir. Dette er nok stadfesting av at mange blir forleda til ein feil verkelegheit gjennom sosiale medier og av "dyrevernarar".

Me opplever at ungdom som kjem og ser på realiteten for gardsdyra blir glade og overraska når dei ser at dyra har det godt, er rolege og tillitsfulle, og at dei ikkje lir.

Sigbjørn Kirkebøen

Språkbruken som Riekeles brukar om pelsdyrhald, t.d. "grotesk" og "tortur" seier nok mest om forfattaren sjølv.

Viktig at ungdom engasjerar seg.
I dagens spesielle mediesamfunn er ofte ungdom målgruppe for fundamentalitsiske og ytterlegåande grupperingar som er ute etter å skaffe seg sympatisørar og medlemmar. Stadig fleire veks opp i urbane miljø, utan kjennskap til gardsdrift med husdyrhald. All ære til dei som oppsøkjer realitetane på gard. Følgjande melding som underteikna nyleg fekk frå ein ungdom, seier sitt tydelege språk:

"Jeg leste en kommentar i avisen der det stod at dyrevernorganisasjoner indoktrinerer unge mennesker. Og det er dessverre sant i mitt tilfelle. For de har puttet ideer i hode på meg og jeg har aldri stilt meg kritisk til hva de sier, før nå da.!"

Det er godt å sjå at opne pelsdyrgardar og rett kunnskap om dyras tilhøve fører fram, også når det gjeld pelsdyrhald.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags