Vil Stortinget sikre berekraftig framtid for pelsdynæringa?

Minktispe med små kvelpar.

Minktispe med små kvelpar. Foto:

Av
Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

Aktuell debatt: Stortingsmeldinga om pelsdyr som vart lagt fram tidleg i november, er eit sterkt fagleg dokument, som eintydig slår fast at norsk pelsdyrhald bør ha ei berekraftig utvikling, med enda strengare krav til dyrevelferd, og at næringa fortsatt skal vera leiande også globalt. Det faglege som ligg til grunn for den klare konklusjonen, er fyrst og fremst Vitskapskomiteen sin rapport om pelsdyrhald frå 2008, etologar sin kunnskap om dyrs åtferd, og høyringsinnspel frå veterinærar som har erfaring og kunnskap frå tilsyn med pelsdyrgardar.

Auka fagleg støtte.
Den opne høyringa som føregjekk på Stortinget forrige torsdag, forsterka den faglege støtta til næringa. Etologar som har størst kunnskap om åtferda for husdyr generelt, har tidlegare vore lite synlege i pelsdyrdebatten.

Agnethe-Iren Sandem som representerte Den Norske Etologforening i Stortingshøyringa, tok bladet frå munnen og kom med klare stikk til veterinærforeninga, som har vore ute med negative synspunkt om pelsdyrhald, knytt til dyrevelferda.

Ho uttalte bl.a.: «Flere faktorer tyder på at velferden er like god for pelsdyr som for andre dyr». Sandem trekte også fram eit godt poeng som mange burde ta til seg om definisjon av dyrevelferd:

«Det viktige er hvordan dyret selv takler miljøet sitt, og ikke hvordan vi mener dyret bør takle miljøet sitt.»

Dyrevelferd avgjerande.
Statsråden påpeikte heilt korrekt når han la fram meldinga, at pels vil vera eit ettertrakta naturprodukt i overskodeleg framtid, og at Noreg må vera leiande med dyrevelferda for pelsdyroppdrett globalt.

Men å vera verdensleiande med dyras tilhøve krev også mykje arbeid og tilsyn med pelsdyr som med andre husdyr. Det er gode tradisjonar i Noreg for å seta dyras tilhøve høgt. Alt ligg til rette for at dette også vil fortseta i framtida, men pelsdyrbøndene er no meir enn nokon gong avhengige av levelege rammebetingelsar.

Mange er heller ikkje klare over dei tiltaka som norsk pelsdyrnæringa har innført dei siste åra, med sertifisering, helsetjeneste, og streng internjustis, som har medført at pelsdyrbønder som ikkje har oppfulgt krav til god dyrevelferd, har vorte ekskludert av næringa sjølv. Rapportar frå Mattilsynet syner få alvorlege tilfelle, i likheit med andre husdyrnæringar

Føreseielege reglar.
Intensjonen i Stortingsmeldinga om berekraftig utvikling er god, men det er også avgjerande at nye krav ikkje er meir omfattande enn at framtida vil vera økonomisk berekraftig for pelsdyrbøndene.

Gruppehald for mink er eit slikt døme. Dette er ein samansetning av dyr, saman med etasjebur, som i reviderte forskrifter i 2011, vart rekna som ei styrke for dyrevelferda. I Stortingsmeldinga no vert det føreslege eit forbod mot gruppehald! Dette er veldig lite føreseieleg, og såpass dramatisk forslag, som i sin tur vil føre til at mange minkbønder må redusere produksjonen opptil 50 %, eller investere i nye bygg.

Hvis enkelte bønder ikkje maktar å oppretthalde produksjonen pga. høge investeringskostnadar, vil det i sin tur også medføre høgare pris på pelsdyrfôret for alle, pga. lågare volum.

Berekraftig framtid ?
Pelsdyrnæringa har lange tradisjonar som ei god landbruksnæring i alle bygdene i Valdres. Det ligg no i Stortingets hender å vedta korleis næringa skal kunne oppretthalde beredyktigheita framover, og at rammebetingelsane og føreseielegheiten i framtida vert sikra for pelsdyrbøndene.

Alt ligg til rette for at pelsdyrhald igjen kan få eit oppsving i våre bygder, og ungdom vil koma inn i næringa igjen. Både som atttåtnæring til gardsbruk, eller for andre som er glade i å skape sin eigen arbeidsplass gjennom vår interessante og engasjerande husdyrnæring, der dyras tilhøve har høgste prioritet.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags