Knut Aastad Bråten: - Når lokalpolitikk blir annanrangs

Beitostølen: - Difor takkar vi nei til kjendisbesøk i opptakten til kommunevalet. Lokalpolitikken fiksar vi sjølve. Det er trass i alt vår kvardag det dreier seg om, seier Knut Aastad Bråten.

Beitostølen: - Difor takkar vi nei til kjendisbesøk i opptakten til kommunevalet. Lokalpolitikken fiksar vi sjølve. Det er trass i alt vår kvardag det dreier seg om, seier Knut Aastad Bråten. Foto:

Av

Kvifor mistar eg lysta til å drive med lokalpolitikk når eg les riksavisene og ser på politiske debattar på fjernsynet? (Dette debattinnlegget vart fyrst publisert i Nationen)

DEL

MeningerOm ein knapp månad er eit nytt mannskap av lokalpolitikarar på plass i norske kommunestyresalar. Mange av dei er veteranar og gamle tråvarar og veit kva som er forventa av dei. Andre att er ferske, uerfarne, kan hende skrekkslagne over at dei i det heile kom inn. Å takke ja til jumboplass på nominasjonslista gir ingen garanti for at du ikkje kjem inn i kommunestyret.

Kommunepolitikk engasjerer snautt 11.000 lokalpolitikarar kvart år. Det vil seie, engasjerte. Etter valet i september blir det ein del færre lokalpolitikarar. Nær 1500, skriv KS (tidlegare Kommunenes Sentralforbund). Kvifor? Gjennomførte kommunesamanslåingar er ei av forklaringane, men reduksjonen er òg eit ynske frå kommunane sjølve om å effektivisere i eige hus. I min eigen kommune blir talet på folkevalde redusert med fire – frå 25 til 21.

Kommunepolitikk er nærpolitikk og dreier seg om å fatte politiske vedtak på vegner av lokalsamfunnet. Scenen er bygda, tettstaden eller den uframkomelege utkanten. Politikarane er ikkje han du les om i riksavisene eller ho du ser på Dagsnytt 18, men alle dei andre, til dømes Alice, ho som vil noko meir med skulen i bygda, eller Berit, ho som brenn for psykisk helsevern og rusarbeid. Ein kommunepolitikar er ein arbeidsmaur i den politiske faunaen. Usynleg, men hardtarbeidande og med ei stor ansvarskjensle for oppgåvene.

Politikk eksisterer ikkje i kraft av seg sjølv, men blir til gjennom mykje frivillig arbeid. Dugnadsinnsatsen går ned, les eg, men enno bidreg 60 prosent av oss med gratisarbeid kvart år. I helgene plukkar vi søppel, riggar ned sceneutstyr og vaskar dassar. Eller vi er med i lokalpolitikk.

Demokratiet kviler tungt på skuldrene til lokalpolitikken og lokalpolitikarane. Nettopp difor er det urovekkande å sjå korleis kommunevalet og ordskiftet om det forvitrar i dei riksdekkande avisene, på radio – men òg mellom hendene til rikspolitikarane.

Eg har høyrt bekymringane tidlegare, og eg ser at det skjer igjen: Kommunevalet får sjeldan den merksemda i nasjonale medium som det burde ha. Sjeldan blir nye politiske talent løfta opp og fram på den politiske hovudscenen. Sjeldan blir vi introduserte for samanhengen i kommunesektoren. Sjeldan får vi innblikk frå dei som står midt oppi dei reelle lokalpolitiske utfordringane. I staden devaluerer riksmedia kommunevalet, gjer det om til ei temperaturmåling og ein annanrangs mellomstasjon på vegen mot det som betyr mest: stortingsvalet.

Mykje tyder på at media – men òg rikspolitikarane sjølve – eigentleg ikkje synest så mykje om lokalpolitikk eller kommuneval. Partileiardebatten på NRK i førre veke kan stå som eit døme på det. Tema er eigedomsskatt, bompengar og samferdsel – politikkområde som gjeld heile samfunnet, men som likevel blir stemoderleg behandla – av programleiaren og partileiarane.

Då programleiar Fredrik Solvang til slutt skreik at «det er kommuneval, det er kommuneval!», stod det klart for meg: Partileiardebattane på fjernsynet er med på å tåkelegge politikken endå meir. Kosta vegprosjektet 40 milliardar, eller sa ho 100? Eller var det noko anna ho snakka om?

Partileiardebattar på fjernsynet er som ein bråkete gymnastikktime for politikarar med utestemme og tilpassingsproblem. «Sjå kven som vann debatten», skriv avisene. Men her er ingen vinnarar, berre taparar.

Kva er dumt med lokaldemokratiet, spurde NRK-programmet Ekko under Arendalsuka i førre veke – med ein klart ironisk og stereotyp undertone. «Folk kan ta seg til helvete saman og byrje å tenke meir globalt i staden for så langt opp i sitt eige rumpehol som mogleg», forklarar bloggar og forfattar Lene Wikander, ein av debattantane – og med klar kritikk av alt som blir assosiert med det lokale.

Høg prestisje har iallfall ikkje kommunevalet i Ekko.

Media og dei politiske partia har eit ansvar for å dekke kommunevalet på gode og tillitsbyggande måtar. Då må vi lage mindre sirkus og fleire skuletimar. I staden for å sleppe rikspolitikarane til på all verdas debattscener bør arrangørar og media invitere med seg dei andre, dei som kommunevalet angår – til dømes ferske toppkandidatar i by og bygd, ordførarar med erfaring frå kommunal drift og som med innsikt kan hjelpe oss til å forstå kvardagen og utfordringane i kommunesektoren endå meir. Og vidare: Kan distriktskontora i NRK arrangere lokale valdebattar rundt om – på Fagernes, Otta eller Åndalsnes?

Lokalvalet har blitt eit ras av happeningar av det som kommunevalet dreier seg aller minst om. Abid Raja – dyktig venstremann – brukar mykje tid på å hjelpe politikarkollegaer rundt om i landet til å skine endå meir. Slik Trygve Slagsvold Vedum også reiser land og strand rundt for å hjelpe sine. Men betyr invaderinga av kjendispolitikarar i lokalsamfunna noko for kommunevalet? Eller er engasjementet deira ein skjult strategi for å styrke eige omdøme fram mot stortingsvalet om to år?

Helst det.

Difor takkar vi nei til kjendisbesøk i opptakten til kommunevalet. Lokalpolitikken fiksar vi sjølve. Det er trass i alt vår kvardag det dreier seg om.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags