Gå til sidens hovedinnhold

Dei kjempa for Nazi-Tyskland, og tapte. Heldigvis.

Frontkjemparane kjempa for eit av dei aller mest tyranniske regima verda nokon gong har sett. Då er det ikkje nok å fortelje historia på individnivå.

Kommentar Dette er en kommentar, skrevet av en redaksjonell medarbeider. Kommentaren gir uttrykk for skribentens holdninger.

Eit helvete på jord. Ekstrem kulde, snikskyttarar, harde kampar, skader, sjukdom og falne kameratar. Slik har Austfronten under andre verdskrigen vorte skildra av frontkjemparane. NRK-serien «Frontkjempere» gir gjennom intervju med fleire av dei som verva seg til fronten, innblikk i kameratskap og krig.

Serien har fått mykje kritikk, og det med rette. Her er det dei personlege forteljingane som får plassen, ikkje regimet dei kjempa for. Kvar ei individuell historie har ein verdi. Kor fæle kampane ved austfronten var, korleis kvar nordmann kjempa for og var villige til å gje sitt liv for Noreg.

På individnivå kan vi fylgje kameratskapen og fellesskapen, dei brutale historiene når nokon i gjengen døyr. Svelt og kulde, breva heim til familien i Noreg, der dei unnlèt å fortelje den sanninga om livet ved austfronten, for å unngå å uroe familien og for at breva skal koma gjennom sensuren. Slik blir serien nok eit døme på den invidualiseringa vi ser i vår tid, når samfunn og fellesskap mistar si kraft, og den overordna historiske konteksten blir skuve i bakleksa.

Frontkjemparane får, tilsynelatande utan kritiske spørsmål, fortelje den same historia som dei fleste av dei har fortalt sidan krigen: Dei verva seg i kamp for Noreg, mot bolsjevismen. Dei var ikkje interesserte i kva Hitler og Nazi-Tyskland dreiv med, men ville verne om Noreg og sikre Noreg sin posisjon i eit framtidig, tredje rike.

Paradoksalt nok, og eit spørsmål som står ubesvara i dokumentaren, verva nokre av desse seg til «kamp mot bolsjevismen» medan Tyskland hadde ei ikkjeåtakspakt med Sovjetunionen.

To ting er påfallande med serien. Minst. Det fyrste er fråveret av jødar. Verken norske jødar eller jødeutryddinga har fått særleg stor plass i den fire episodar lange serien. Operasjon Barbarossa – Tysklands åtak på Sovjetunionen i 1941 – var ei krigføring med endelause krigsbrotsverk, ein utryddingskrig som var starten på Holocaust – tilinkjesgjeringa av jødane.

Ifylgje Yad va'shem, det israelske Holocaust-museet, vart 1,5 millionar jødar som budde i Sovjetunionen drepne av dei tyske styrkane og deira allierte. Ein halv million vart drepne berre fyrste halvår, i det som i dag blir kalla «geværkulenes Holocaust». Totalt reknar ein med at 15,2 millionar av dei som vart drepne i Sovjetunionen var sivile, og 2,4 millionar var jødar.

Operasjon Barbarossa var ein systematisk utryddingskrig, der propagandaen ikkje berre handla om kampen mot bolsjevismen, slik det framstår i «Frontkjempere», men mot «jøde-bolsjevismen» – konspirasjonen om at jødane og kommunistane samarbeidde om verdsherredøme. Det vart altså ikkje berre ført ein krig mot Sovjetunionen, men mot den lokale, jødiske befolkninga.

Bernt Rougtvedt og Terje Emberland ved Holocaust-senteret trakk i 2004 fram brev som norske frontkjemparar sende heim under krigen. Her blir det nettopp fortald om korleis frontkjemparar har vore med på overgrep mot jødar. At frontkjemparane skal ha vore bortimot totalt uvitande om overgrep mot og systematisk utrydding av jødar, er altså ikkje sannferdig. Me får heller ikkje vita i serien at frontkjemparane var delaktige i å samle, internere og deportere norske jødar til tyske konsentrasjonsleirar.

Det andre momentet som er påfallande vekke, er refleksjonar over systemet dei kjempa for. Kva ville skjedd om Tyskland vann andre verdskrigen? Kva slags Noreg ville vi hatt då? Det er grunn til å minne om at frontkjemparane ikkje berre kjempa mot nokon. Dei kjempa også for noko. I Det tredje riket var det verken plass til demokrati eller folkestyre, homofile, jødar, slavarar, psykisk utviklingshemma eller romfolk.

Frontkjempar-serien til NRK er et forferdeleg godt døme på kvifor historie og samfunnskunnskap er nokre av dei viktigaste faga i norsk skule. Desse faga, som kunnskapsministeren meier ikkje har så stor tyding for dagens ungdomar, er det som gjev stadig nye generasjonar kunnskap om historie, og dermed ein grunnleggjande kontekst for å analysere samfunnet kring seg i notida.

Utan den historiske konteksten framstår frontkjempar-forteljingane som unge, uskuldige norske menn, som berre ville Noreg det aller, aller beste. Det blir individ framfor systemet dei kjempa for: Eit av dei mest tyranniske og bestialske regima verda nokon gong har sett som gjennomførte eit industrielt folkemord på menneske, berre fordi dei var jødar.

Som eit motsvar til dokumentarserien kan filmen «Den største forbrytelsen», basert på boka til Marte Michelet, stå. I denne filmen er det nettopp eit poeng kor delaktige nordmenn var i det norske Holocaust. Og kven var fangevaktarar i Berg, der jødiske menn vart internerte? Tidlegare frontkjemparar.

Kommentarer til denne saken