Gå til sidens hovedinnhold

Dei priviligerte på Stortinget

Stortingspolitikarar ser ut til å ha ei eiga evne til å utnytte dei særskilte ordningane dei sjølve har for å styre landet.

Leder Dette er en leder. Lederen gir uttrykk for avisens holdning.

I helga valde Kjell Ingolf Ropstad å trekkje seg som leiar i KrF. Årsaka var avsløringar frå Aftenposten som synte at Ropstad har hatt skattefri tilgang til gratis bustad i Oslo medan han har vore folkeregistrert i barndomsheimen hjå foreldra i Agder, der han har «disponert eit rom». Det til trass for at han er gift og har to ungar. Ropstad har også feilaktig oppgjeve at han har hatt utgifter knytt til foreldra sin bustad, noko som gjer at han har sloppe å skatte av fordelen med gratis leilegheit.

Statsrådar og stortingsrepresentantar som bur andre stader i landet får tilbod om fri bustad i Oslo. Slik skal det blir mogleg for representantar å sleppe utgifter til to husstandar; der ein reelt sett bur og i Oslo. For å sikre god representasjon frå heile landet, er dette eit viktig tiltak. Har du derimot ikkje utgifter til to husstandar, har du heller ikkje krav på skattefritak for fri bustad.

Tilgangen på gratis leilegheit i Oslo er skattefri så lenge ein har utgifter til bustad ein annan stad. Dei siste vekene har det kome fram at fleire sentrale politikarar har fått tilgang til gratis leilegheit i Oslo – skattefritt – sjølv om dei har disponert leilegheit i Oslo eller Oslo-området. Det er ikkje sikkert at representantane har brote loven, men det tek seg rett og slett ikkje godt ut at strikken for kva ein aktivt kan drive med av skatteplanleggjing blir tøygd.

Bustadskandalen føyer seg diverre inn i ei lang rekke av økonomiske skandalar som har siva ut frå Stortinget. Gullkanta pensjonar, skyhøge telefonrekningar, juks med reiserekningar og urettmessige utbetalingar av etterlønn har med jamne mellomrom dukka opp i mediebiletet sidan 2008. Ein skulle tru at landets øvste folkevalde, som både vedtek lovane i dette landet og gjev seg sjølve gode vilkår, ville vera i stand til å fylgje lovar og retningslinjer som såkalla folk flest blir forventa å gjera.

Avgåtte stortingsrepresentantar kan få etterløn på 66 prosent av inntekta si inntil 12 månader etter at dei går ut av Stortinget. Men etterløna føreset at dei ikkje har fått seg ny, løna jobb. Dagens Næringsliv kunne nyleg avslører at ordninga med etterløn har vore «tillitsbasert». Det er altså ingen som har kontrollert om stortingsrepresentantane faktisk har krav på etterløn.

Å vera stortingspolitikar er eit privilegium. Me må kunne forvente at dei ikkje utnyttar ordningane dei sjølve har laga for seg.

Kommentarer til denne saken