VALDRES: Det er Interkommunal barneverntjeneste i Valdres som melder om denne tenesta, som er lagt ut på heimesidene til kommunane.

Der står det: «Om du er bekymra for om eit barn får god nok omsorg, bør du melde frå til barnevernet. Du treng ikkje vere sikker på at noko er gale. Når du har sagt frå, er det barnevernets jobb å vurdere korleis meldinga skal fylgjast opp. Som privatperson kan du no melde bekymringa di digitalt.

Dersom du som privatperson ynskjer å vere anonym, må du framleis sende bekymringsmeldinga per post til Interkommunal barneverntjeneste i Valdres.»