Gå til sidens hovedinnhold

Den nye råd­man­nen Jo­stein Aane­stad kom til kom­mu­ne­sty­ret i Øyst­re Slidre

Artikkelen er over 2 år gammel

– Det var ein brå start å byrje i denne kommunen. Eg hadde fem sider i lokalavisa før eg fekk starta, sa påtroppande rådmann i Øystre Slidre kommune, Jostein Aanestad. Torsdag føremiddag helste han på kommunestyret.

Ting­vang: Jo­stein Aane­stad kjem frå job­ben som råd­mann i Sogn­dal kom­mu­ne og tek over job­ben etter råd­mann Øi­vind Lang­seth i må­nads­skif­te april – mai. Langseth går av med pensjon.

– Det var ein brå start

– Takk for til­li­ten som de gav meg i kom­mu­ne­sty­ret 31. ja­nu­ar. Det set eg pris på. Eg hå­par eg kan vise meg til­li­ten ver­dig, sa Aane­stad til kom­mu­ne­sty­ret, et­ter at han had­de hand­helst på alle kom­mu­ne­sty­re­rep­re­sen­tantane.

– Det var ein brå start å byr­je i den­ne kom­mu­nen. Eg had­de fem si­der i lo­kal­avi­sa, før eg fekk star­ta, sa han vi­da­re.

– Det blir nok verre, kom­men­ter­te då av­trop­pan­de råd­mann, Øi­vind Lang­seth, som had­de sett seg på bak­a­rste benk ved sidan avi­sa Vald­res sin jour­na­list.

Aane­stad sa vi­da­re at han var glad for at kom­mu­nen stod fast på val­et sitt og at det­te gav han endå stør­re mo­ti­va­sjon i job­ben som ny råd­mann i Øyst­re Slidre kom­mu­ne.

– Eg er jær­bu

Aane­stad vis­te bi­le­te og for­tal­de om kvar han kjem frå. – Eg er jær­bu, sa han.

Så for­tal­de han kva han har dri­ve med i Sogn­dal kom­mu­ne.

– Vekst og ut­vik­ling ligg mitt hjar­te nær, sa han, og vis­te til tal frå kom­mu­ne­ba­ro­me­te­ret der Sogn­dal har hatt gode re­sul­tat. Aane­stad har vore råd­mann i Sogn­dal kom­mu­ne i 17 år.

– Er på ut­gå­an­de kont­rakt

– I fot­ball­byg­da Sogn­dal snak­kar ein om kont­rak­tar og eg er på ut­gå­an­de kont­rakt i Sogn­dal kom­mu­ne. Eg såg i avi­se­ne et­ter nye job­bar og såg an­non­sen frå Øyst­re Slidre. Eg la det bort, men så ring­te det ein kar frå Headvisor. Då les­te eg meg opp på kom­mu­nen og vart meir og meir in­te­res­sert, sa Aanestad, som endte med å sen­de inn ein søk­nad.

– Øyst­re Slidre er ein kom­mu­ne som vil noko og er på fram­fot. Vi kom til Bei­to­stø­len i ja­nu­ar og det var den flot­te hel­ga med blå him­mel og fire mi­nus. Eg og kona li­kar å gå på ski­tu­rar og ho sa at om eg fekk den­ne job­ben, så måt­te eg ta han. Ho ar­bei­der fram­leis som psy­ko­log i Sogn­dal, men vi kjem til å bru­ke man­ge hel­ger her i Øystre Slidre, sa Aanestad vi­da­re.

Open­heit

Aane­stad tok opp open­heit og ik­kje feie ting un­der tep­pet.

– Det hand­lar om å få folk til å hand­le i lag. Det er hender og ho­vud som skal mø­tast. Det er min jobb og syte for det­te, sa Aane­stad og fort­set­te:

– Eg skal opp­ly­se sa­ke­ne på ein god måte og leg­gje til ret­te for eit godt po­li­tisk ar­beid i kom­mu­ne­sty­ret. Eg vil pri­o­ri­te­re næ­rings- og ut­vik­lings­ar­beid. Eg skal òg ut­vik­le gode lei­a­rar og mo­ti­ver­te ar­bei­da­rar, slik at inn­byg­gja­ra­ne får gode ten­es­ter. Ik­kje minst skal eg hal­de orden på øko­no­m­ien, sa Aane­stad til ein lydhør forsamling.

Les også

Jostein Aanestad (56) er valet til kommunestyret

Les også

Rådmannen som nå er tilsett overlevde så vidt mistillitsforslag i fjor

Kommentarer til denne saken