Torsdag ettermiddag kom regjeringa med nye innstrammingar. Tilrådingar om delvis heimekontor for dei som kan og bruk av munnbind på buss, i taxi og kjøpesentera når ein ikkje kan halde avstand står igjen på lista over tiltak. No blir det på nytt råda mot å gje kvarandre ein klem, eller handhelse. Er du på større arrangement bør du bruke munnbind når du skal hente jakka di.

Vaksne personar blir også oppmoda om å redusere talet på nærkontaktar. Eller som statsminister Jonas Gahr Støre sa på pressekonferansen, det handlar sjølvsagt om kor mange nærkontaktar du har frå før. Har du få i krinsen din, treng du sjølvsagt ikkje kutte ned på desse.

Den nye omikronvarianten har skapa uro. Det er uvisst kor godt vaksinerte er beskytta mot alvorleg sjukdomsforløp ved smitte av nye variantar, og omikronviruset ser ut til å smitte raskt etter det ein førebels veit. Om ein blir alvorleg sjuk, er for tidleg å konkludere med, ifylgje helsestyresmaktene. Folkehelseinstituttet meiner vaksinering uansett vernar mot å bli alvorleg sjuk av smitta.

Det som blir stadig tydelegare, er at vi må tilpasse oss ei verd med pandemi. Koronaviruset har herja no i snart to år, og det ser ikkje ut til å gå over med det fyrste. Det ein kan håpe, er at dei nye virusvariantane ikkje er like farlege som dei fyrste, og at vaksinasjon vil hjelpe mot alvorleg sjukdom og død.

I eit innlegg publisert på NRK.no signer 72 kommuneoverlegar, mellom anna kommuneoverlege Marit Tuv i Vang, blir det reist ein viktig og rettmessig kritikk mot regjeringa sin vaksinestrategi. Det skal nemleg helst gå seks månader frå dose to er sett, til ein kan få dose tre. Samstundes får kommunane melding om å få fortgang i arbeidet med å setje tredje dose. Problemet er berre at omfordelinga av vaksinar som den førre regjeringa gjennomførte, gjer at mange ikkje er «kvalifiserte» endå for å få dose tre.