Gå til sidens hovedinnhold

Denne vegen opnar fredag morgon

Vegen over Slettefjellet i Vang opnar fredag morgon. Derimot blir det endå ikkje høve til å køyre heilt inn til Olø.

VANG:. Det melder Slettefjellvegane på Facebook. Det har vore nokre skader på vegen på austsida av Slettefjellete etter snøsmeltinga, men vegen er brøyta opp no.

Derimot blir det ikkje høve til å ta turen heilt inn til Olø. Sleipebrua ved Sleipestølen er skada, og her er utbetring på gong. Brua vil truleg ikkje bli ferdig før månadsskiftet jun/juli.

Ny kiosk

Ved bommen ved Dalsbru er ein ny kiosk under byggjing, og denne vil truleg bli ferdig i midten av juli. Her blir det moglegheiter til å ta ein rast, og Slettefjellvegane melder også om at ein tek sikte på å selje ein del lokale produkt frå kiosken.

I tillegg kjem eit nytt betalingssystem der automatane blir bytta ut med kamera som les av skilta på køyretøya. Dette systemet er ikkje i funksjon endå.

Slettefjellvegen går opp frå Dalsbru i Vang over Slettefjellet, og vidare anten til Sleipestølen/Olø eller ned Raudalen til Beito og Beitostølen i Øystre Slidre.

Kommentarer til denne saken