Kronikk Dette er ein kronikk, skrive av ein ekstern bidragsytar. Kronikken gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
«Kor gamal er du no?» Eg skulle vore blank i diskusjonen, likevel er det eg som sit med oppdatert informasjon. «16», seier eg. Narkotikabruk er eit tema som har vore omtala mykje, men ikkje nødvendigvis i samanheng med Valdres. «Det er heilt sjukt».
Valdres, som har vore den snille, gode staden der alle kjenner alle. «Det var kanskje brukt før, men ikkje heilt ned i 15–16-årsalderen.» Kanskje er det nettopp det som er grunnen til oppblomstringa av narkotikamiljøet her i området.
Ungdommen i Noreg har i lang tid hatt låg bruk av narkotika samanlikna med land i Europa. Dei siste åra, derimot, høyrer ein meir og meir om ein stadig høgare narkotikabruk. Etter ti år med stabile tal for narkotikabruk i Noreg auka trenden med 2,5 prosent i 2019. Blant fleire ungdomsgrupper har narkomiljøet blomstra opp, og bruken av narkotika vert normalisert.
Denne normaliseringa av narkotika blomstrar no også i Valdres. Det er snart like vanleg å røyke cannabis som vanleg røyk. På fest går det mest i amfetamin og MDMA, og det er dessutan fleire som har prøvd kokain.
Sjølv om bruken av rus blant valdresungdommen er om lag 5 prosent lågare enn landssnittet, kom det fram under Ung-Data-undersøkinga at ungdom frå alle dei seks kommunane har fått tilbod om narkotika i løpet av det siste året (Johansen, 2022). Personleg er eg verken i eit fest- eller narkotikamiljø, men eg kjenner likevel mange som fortel om eigne opplevingar med narkotika.
Endå fleire fortel om nokon dei kjenner som har teke stoff, noko som tydeleg viser kor utbreidd miljøet har vorte. Det er heller ikkje lenge sidan politiet beslagla ein cannabisplantasje i Hedalen, som tyder på at kortreist narkotika har vore god business i området. Ein skulle ikkje tenkje seg at det var så lett å komme inn i eit narkotikamiljø i Valdres, men miljøet er mykje større enn ein skulle tru. Dersom ein kjenner dei rette menneska, er det slett ikkje vanskeleg å få tak i stoff.
Det er fleire årsaker til at menneske vel å bruke narkotika. Blant anna har mental helse vorte omtala som ei mogleg årsak. Etter to år med pandemi veit vi at mange unge har slite med den mentale helsa. Ein kan dessutan tenkje seg at desse faktorane heng saman, ettersom mental helse på bygda ikkje har eit godt rykte på seg.
Bygdesamfunnet er kjent for å ha sterke sosiale band der alle kjenner alle, men det er nettopp på grunn av dette at mange vert utstøytt ifrå samfunnet. NOVA-forskar Ingunn Marie Eriksen seier at presset for å passe inn aukar med sterke band. I eit lite bygdesamfunn vert ein lett utstøytt dersom ein ikkje passar heilt inn, og ifølge Ung-data-undersøkinga føler mange ungdom i Valdres seg einsame.
Å bli utstøytt frå samfunnet er dessutan ein annan omtala grunn til at menneske vel å bruke narkotika. Eg meiner derfor det er nødvendig å fjerne heile tabuet rundt mental helse på bygda, før endå fleire tyr til farleg sjølvmedisinering.
Generelt sett meiner eg at bruken av narkotika vert romantisert gjennom internett og andre ungdommar. Fleire TV-seriar framstiller bruken av narkotika som ein «normal» del av ungdommane sitt liv. Spesielt TV-serien Euphoria, som trenda på HBO tidlegare i år, viser open bruk av narkotika. Sjølv om serien tek for seg viktige tema, er det lett å misforstå intensjonane bak serien. Dersom ein får høyre om narkotika via andre ungdommar, får ein som regel berre vite om dei positive sidene. Samla kan dette føre til eit meir liberalt syn på narkotika og at færre ser konsekvensane av rusmidla.
Eg ønskjer ikkje å verke som ei gretten, gamal dame, men eg er bekymra for dagens ungdomskultur i Valdres. Sjølv om det framleis er frivillig å bruke narkotika, er eg redd det kan føre til fleire tilfelle der ein ufrivillig får i seg narkotiske stoff.
Det er kanskje gøy å prøve ein gong, men eg ønskjer ikkje å sjå livet til menneske eg er glad i, gå i oppløysing. Valdres har alltid vore ein stad eg har sett på som trygg og uskuldig, der alle kjenner alle. Kanskje har eg teke feil.
Teksten er eit bidrag til kronikkonkurransen som vart arrangert våren 2022 i samarbeid mellom avisa Valdres, Valdres vidaregåande skule og Nord-Aurdal mållag.