Gå til sidens hovedinnhold

Desse blir no vaksinerte i Vestre Slidre

Vestre Slidre kommune er no i gang med å vaksinere folk i alderen 55–64 år utan underliggjande sjukdomar.

VESTRE SLIDRE: Det melder kommunen på heimesidene sine. Vaksineringa skjer kronologisk etter alder, og per no er det 62-64-åringane som står for tur.

Kommunen melder at innbyggjarane vil bli kontakta når det er deira tur, og at vaksinar blir sett fortløpande etter som kommunen får tilgang på dei. Om du ikkje har fått tilbod om vaksine og er over 65 år, ber kommunen deg om å ta kontakt med Slidre legesenter. Det gjeld også for dei som er mellom 18 og 65 år og har underliggjande sjukdomar, men ikkje fått tilbod om vaksine.

Les også

Alarmerende nedgang i antall medlemskap i norsk idrett: – Har mistet nærmere 200.000 medlemmer

Gruppene som deretter fylgjer er 45–54 år, så 18–24 år saman med 40–44 år. Det er viktig at alle planlegg for å kunne møte til vaksinasjon òg gjennom sommarvekene, skriv kommunen. Vestre Slidre ventar fleire dosar i juli og august kvar veke enn som kjem no. Innkalling vil i hovudsak skje via sms. Onsdagar er hovuddag for vaksinasjon.

Det er særs viktig at alle forstår at dei må nytte tilbodet når dei får det, dette for å redusere arbeidsmengda med logistikk, skriv kommunen til slutt.

Les også

Festivalen er avlyst, men to av artistene kommer likevel

Kommentarer til denne saken