Gå til sidens hovedinnhold

Det er den hyttedraumen me ber på

Hyttene i fjellheimen blir stadig fleire. Når er det nok?

Kommentar Dette er en kommentar, skrevet av en redaksjonell medarbeider. Kommentaren gir uttrykk for skribentens holdninger.

440.443. Smak på talet. Det er talet på fritidsbustader i Noreg per 2021. Hyttene har vorte fleire; 8,5 prosent på ti år, ifylgje SSB. Og dei blir stadig større. Arealet har auka med nær 50 prosent, frå 62,2 til 89,6 kvadratmeter.

Valdres er ikkje noko unntak. No er det fleire fritidsbustader her enn det er innbyggjarar. Hytteutbyggjinga har skote fart dei siste 20 åra. «Alle» vil bli som Hemsedal eller Trysil, eller Vinje. Beitostølen har vorte Beitobyen.

Politikarar og næringsliv som dreg økonomisk nytte av hytteutbyggjinga vil ha meir. Endå fleire hytter. For kva ville Valdres vore utan hytter? Ville det vore spa og Spar på Beitostølen med 300 innbyggjarar? Skiheis på Filefjell, i ein langstrekt kommune med stadig færre innbyggjarar? Gourmetmat på Syndin? Truleg ikkje.

At fritidseigedomane tyder mykje for ein kommune, eller særleg næringslivet i kommunen, er overvegande sannsynleg. Men valdrisar har ikkje hatt for vane å snakke om dei kritiske sidene ved hyttebyggjinga. I alle fall ikkje høgt slik at andre høyrer kva ein seier. Om naturen som blir bygd ned, om konfliktar mellom hytteeigarar og ei stadig meir marginalisert beitenæring. Om klimagassutsleppa ved å setje opp sekundærbustader for ein stadig rikare del av befolkninga, som kjøper hytter fyrst og fremst fordi dei kan.

Hovudutfordringa for Valdres nett no er ikkje at det er for få hytter, men for få bustader. Medan det manglar eigna bustader for heiltidsinnbyggjarane, ser det knapt ut til å vera eit tak i hyttenæringa. Bustadhus mistar verdi så fort du stikk nøkkelen i døra i det nybygde huset. Kjøper du ei hytte på Vaset, Lenningen eller Filefjell, kan du derimot forvente prisoppgang og høgkapasitets breiband.

Hytteparadokset – kommer 2. oktober

Er det for mange hytter i Valdres? Bør det setjast eit tak på kor mange fleire hytter det skal bli? Kor mykje pengar er det i hytteindustrien? Kven tener på hyttebyggjinga? Er eigarskapen til utmarka som skal byggjast ned rettferdig fordelt? Kva er klimaavtrykket frå hyttebyggjinga? Kva kostar det eigentleg å byggje ned natur? Og kor mykje natur blir bygd ned?

Desse spørsmåla, og nokre til, opptek etter kvart fleire og fleire valdrisar, hytteeigarar, naturvernarar og utbyggjarar. I avisa Valdres skriv me mykje om hyttebyggjing. Når nye areal blir regulert for hyttetomter. Om paret som fann hyttedraumen i Valdres, og som no buset seg på hytta. Om konfliktar, der det tidvis er harde frontar mellom tilhengjarar og motstandarar. Me merkar også stadig press på redaksjonen, særleg frå utbyggjarar som ikkje er nøgde med dekninga vår.

Me har vorte ein nasjon av hytteeigarar. Men likevel er det gjort lite arbeid journalistisk på kva hyttebyggjinga fører til, og kan føre til. Redaksjonen i «Valdres» har dei siste månadane jobba med eit større, redaksjonelt prosjekt om hyttebyggjing. Etter det me kjenner til er det ingen andre avisredaksjonar eller mediehus som har gjort eit tilsvarande prosjekt på hyttebyggjing. Dei neste vekene skal du få ta del i eit unikt dykk ned i kva hyttebyggjing gjer med ein region – på godt og vondt.

Med ei rekkje langlesingsartiklar spenner serien «Hytteparadokset» over mange problemstillingar. Me har ikkje fått med alle spørsmåla, og på langt nær alle svara. For mange av problemstillingane er det heller ikkje noko svar ein kan setje to strekar under. Å stille kritiske spørsmål er ein viktig del av jobben til ein journalist.

Me er på ingen måte motstandar av at det blir bygd hytter i Valdres, sjølv om dei kritiske spørsmåla blir stilt. Føremålet med denne artikkelserien er å dykke ned i ei viktig sak for Valdres, og sjå ei sak frå fleire ulike ståstader, med ulike perspektiv. Me har jobba med temaet over lengre tid, ikkje minst for å kunne presentere journalistikk på nye digitale måtar for lesarane våre.

Me har møtt grunneigarar og hytteeigarar, næringsliv og naturvernarar. Me har prøvd å finne ut av dei økonomiske ringverknadane. Prøvd å telje tonn co₂-utslepp, når hyttedraumen ikkje lenger er ei lita stove utan innlagt straum og vatn, men eit hus med varmekablar på badet, smart-TV og tre gjesterom. Me har jakta på den siste villmarka i Valdres. Snakka med dei som tener og dei som tapar. Leita i sakpapir, rapportar og kommunestyrevedtak.

Denne helga publiserer me fyrste artikkel i Hytteparadokset. Me tek gjerne mot ris, ros, tips, innspel og kommentarar. Send oss gjerne ein e-post på hytteparadokset@avisa-valdres.no.

God lesnad.

Kommentarer til denne saken