Debattinnlegg Debattinnlegg Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Tanken til SV kom klart fram i «Debatten» på TV nyleg der SVs representant klargjorde at vindkraftutbygging burde skje på same måte som har vore nytta for vasskraft i over 100 år med minimum 2/3 offentleg deltaking. På denne måten vil ein sikre offentleg styring og utbytte.
No peika Nikolai Astrup (H) i same program på at ein trengde kapital raskt, og at ein ikkje kunne vente at kommunar m.m. kunne prioritere slik utbygging. Det er vel ikkje finansiering som er problemet i Norge, for vi er heldige som har eit stort oljefond, og det kan vel like gjerne nyttast midlar frå dette i staden for å kjøpe eit kvartal i London.
Åslaug Haga deltok også i «Debatten», og naturleg nok var ho einig med Høgre i å nytte utanlands- og annan privat kapital. Det kom og fram i programmet at ingen til dels veit kven som står bak anlegg som er bygde, og inntektene til «vertskommunane» dreier seg om nokre øre pr. kWh.
Konklusjonen må vera at vindkraftanlegga kom noko brått på, utan god nok politisk styring og regulering. T.d. kven er ansvarleg for riving av vindkraftanlegga når dei har tent ut? Er det eit spansk pensjonistfond, eller eit selskap i Bermuda der kassa er tom? No må Ap, Sp og SV gå saman om å meisle ut ein politikk, lovverk og satsing i offentleg regi.
Eit anna stridsspørsmål som dreier seg om vindkraft, dukka opp i Fosen. Her låg det utvilsamt bruksrettar til beite som det ikkje vart ordna opp i. Beiterettar kan bli skadelidande ved utbygging av t.d. vegar, kraftliner eller liknande. Ved slike inngrep overfor private, samar eller nordtrønderar, skal det gjevast kompensasjon, som i mangel av anna skal avgjerast ved skjønn og i samsvar med den skaden som er/blir påført. Fosen-saka tok for lang tid, det er så, men ei erstatning kan dekke eit par vårflyttingar som har vore.
Saka no dreier seg, etter mitt skjønn, om å få fastset kva for skade som er/blir påført dei beiteberettiga. Partane i saka bør vera dei beiteberettiga, utbyggjaren og det departement som gav konsesjon. På det viset så haussar ein ikkje saka opp til anna enn ei vanleg erstatningssak Når det gjeld skadeomfang, så må det vera mogleg å finna svar på t.d. kor mange foreiningar som går tapt årleg for beitebrukarane. Er det t.d. ein vindturbin som står i vegen, og som bør flyttjast, men heile anlegget bør i prinsippet kunne stå. Det har forresten vore nokre bilete på skjermen som viser rein som beiter like inntil der turbinane står.
I programmet «Nytt på nytt» var det nyleg med ein kjend svenske som sa at dei i Sverige ikkje hadde noko problem med sameksistens mellom rein og vindturbinar. Men så meinte han at kanskje svensk rein var smartare enn den norske? I det heile så bør denne saka løysast på vanleg måte og ikkje trekkja inn t.d. Alta-saka, som i ettertid har vist at det ikkje berre er å protestere og så krevja straum til baderomsgolvet. Det er heller ingen som ynskjer å gjera samar så stor skade som mogleg, så no må vi skjerpe oss alle.