Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Fleire har utfordringar med betalinga og mange hadde allereie utsett store rekningar til produksjonstilskottet kom. Dermed har ein ikkje likviditet att utover våren.
Vi har høyrt historier om gardbrukarar som faktisk ikkje lengre orkar å opne brev der ein undrast på om konvolutten inneheld ein faktura eller purringar. Vi veit at mange er deprimerte og har alvorlege psykiske problem, og i verste fall fryktar vi for at enkelte har det så vanskeleg at det går på helsa laus.
Det som tidlegare har vore ei stolt næring er no på tur til å forsvinne. Fleire reduserer, eller har ikkje råd til innkjøp av gjødsel. Gjødselprisen har stege frå 3 til 11 kroner pr. kilo, det er ein auke på fleire hundre prosent! At gardbrukaren ikkje har råd til gjødsla vil medføre store konsekvensar for avlingane, på både kort og lang sikt.
Straumprisane har eksplodert og storparten må betale tre gonger meir for straumen enn det som har vore normalt. Med det kostnadsnivået vi no ser, er det mange bønder som vurderer å ikkje produsere mat til neste år.
Vi les dagleg om gardbrukarar som har meldt inn dyr til tidleg slakting. Det går fort å slakte ned, men det tek årevis å byggja opp att ei besetning. Det er ei storskala-krise i næringa som korkje kan, eller skal underkommuniserast.
For å sikre norsk matproduksjon må regjeringa ta hastegrep for å berge landbruket. Det hastar med strakstiltak og det må koma kompensasjonsordningar utanom jordbruksoppgjeret. Bonden har ikkje tid eller råd til å vente på jordbruksoppgjeret som vert utbetalt fyrst til neste år.
Det er heller ikkje tida for å sette i gang med lange utgreiingar. Gardbrukaren må få kompensasjon for høge gjødsel-, diesel- og straumprisar no. Det er ei fallitterklæring at mange kommunar no gjev økonomisk støtte frå dei kommunale budsjetta. Regjeringa må vera tydelege og vi må få ein handfast garanti for at landbruksoppgjeret skal tette inntektsgapet. Dette må kommuniserast ut til gardbrukaren før forhandlingane startar.
Vi er bekymra for korleis vi skal klare å rekruttere til næringa når gardbrukaren ikkje har økonomi til å hengje på den formidable kostnadsgaloppen. Jordbruket i distrikta må styrkast betrakteleg. I tillegg har vi både ein pandemi og ein krig, som påverkar landet vårt, og som gjer at vi må få opp sjølvforsyningsgraden. Landbruket er heilt avhengig av eit betydeleg økonomisk lyft i år for å kunne produsere. Vi støttar opp om ein slik forventning.
Sp-ordførarar i Innlandet:
Edel Kveen, Skjåk
Mariann Skotte, Lesja
Bjarne Eiolf Holø, Lom
Linda Mæhlum Robøle, Etnedal
Mona Murud, Alvdal
Anette Musdalslien, Gausdal
Odd Erik Holden, Øystre Slidre
Ola Tore Dokken, Nordre Land
Haldor Ødegård, Vestre Slidre
Kari Heggelund, Åsnes
Torvild Sveen, Gjøvik
Eldri Siem, Sel
Marte Larsen Tønseth, Løten
Marit Hougsrud, Sør-Aurdal
Bror Helgestad, Østre Toten
Merete Myhre Moen, Tynset
Even Moen, Stor-Elvdal
Ole Tvete Muriteigen, Sør-Fron
Jon Halvor Midtmageli
Line Storsnes, Engerdal
Knut Arne Fjelltun, Nord-Aurdal
Erik Sletten, Trysil