ÅSVANG: Vinnarane av den årlege skrivekonkurransen til Valdres Mållag er no kåra.
– Det er moro å sjå kor kreative barna blir når dei leverer bidrag til skrivekonkurransen vår. Eg er imponert over kva dei får til og kor godt dei skriv på nynorsk, seier leiaren i Valdres Mållag, Marianne Granheim Trøyflat.
Kamelar og snømenn
Snakkande kamelar, desperate snømenn og uflaksdrikker med opne paraplyar var noko av det som kom fram i presentasjonen av tekstane.
Ho presiserer at det er årets jury, Reidun Dølehuset og Ingrid Rogne, som har hatt jobben med å kåre vinnarane.
– Dei gjer ein kjempeinnsats og vurderer grundig dei innsende bidraga. Barna som skriv blir verkeleg tekne på alvor, presiserer mållagsleiaren.
Ingrid (34) tok steget opp til redaktørstolen: – Det har vorte litt prøving og feiling
Mange fekk premie
Desse premiane vart delt ut på årsmøtet: Sanna Asheim Remmen (1. premie barnesteget), Kristin Solemsli (3. premie barnesteget), Ingeborg Kirkengen Bergheim (2. premie mellomsteget) og Malak Awad Babiker Mustafa (3. premie mellomsteget).
Følgjande fekk premie, men kunne ikkje møte: Pernille Kvam Hermundstad (2. premie barnesteget), Halvor Heensåsen Søndrol (1. premie mellomsteget), Vemund Grønhaug (1. premie ungdomssteget).

Kristine (35): – Synest det er trist

Ørnulf har brukt pandemien godt, men ser fram til å få det travelt framover: – Det lukter overtenning lang vei
