Gå til sidens hovedinnhold

Det er på tide å ta seg ein bolle

Det offentlege ordskiftet er prega av sterk polarisering. Det gjer oss ikkje klokare.

Leder Dette er en leder. Lederen gir uttrykk for avisens holdning.

Nokre gongar bør ein puste med magen. Ta seg eit «zen-moment». Tenkje etter om motparten verkeleg har sagt eller skrive det ein trur. Det gjeld oss som avis, politikarar, enkeltpersonar, vaksne, som unge og gamle. Ikkje minst må vi gjera det fordi vi alle har eit ansvar for å bidra til ein opplyst debatt.

Dei siste dagars ranting om Språkrådet og bruken av ordet «nordmann» er eit godt døme. Det heile starta med at NRK i ei overskrift i ei sak om kjønnsnøytrale ord skreiv at Språkrådet ville vrake ordet «nordmann». Alle som las heile saka kunne derimot sjå at det ikkje var bodskapen frå Språkrådet. NRK endra etter kort tid overskrifta, og beklaga at tittel og ingress var trekt for langt.

Diverre var debatten alt i gang. Fleire prominente politikarar kasta seg på. Statsminister Erna Solberg kunne melde at ho kjenner seg komfortabel med ordet «nordmann» sjølv om ho er kvinne. Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum meinte det var historielaust at Språkrådet skulle bruke tid på å fjerne «nordmann» frå det norske språket.

Kulturminister Abid Raja sa at det er uaktuelt å fjerne «nordmann» frå språket. Frps kulturpolitiske talsmann Himanshu Gulati seier til Nettavisen at «galskapen har gått for langt». Denne typen uttalar syner i alle fall at noko har gått for langt, men fyrst og fremst er det nokre av dei mest framståande politikarane i landet som bør ta seg ein bolle før dei fyrar opp under ein debatt som ikkje er reell.

Kjønnsnøytrale titlar har kome for å bli. Å meine at fylkesmannen kan bli statsforvaltar, og lensmannen den ikkje spesielt gode nemninga «politiavdelingsleiar», er ikkje det same som at alle ord med «mann» i seg ikkje lenger skal brukast eller blir brukte i norsk språk. Norsk språk er i utvikling både munnleg og skriftleg, og språket vil endre seg over tid.

Då må ein ha hovudet på rett plass. I staden har vi dei siste vekene sett korleis debatten om «fødeforelder» og påstandar om at «vi» ikkje lenger får bruke ord som «mor» og «far» har eksplodert i samband med ein NOU om ny barnelov. Det er trist at den offentlege debatten, om den går føre seg i sosiale medium eller i avisene, er så lett å setje fyr på, utan at dei faktiske tilhøva og framlegga blir sjekka.

Vi skal diskutere om vi skal ha ulv i Noreg eller ikkje, om reglane for snøskuterkøyring er for strenge eller liberale, om koronatiltaka treff godt nok og så vidare. Men vi har alle eit ansvar for å leggje til rette for ein open og sakleg debatt, på faktiske premiss, ikkje falske. Er du i tvil, ta eit steg attende, pust med magen og ta deg ein bolle før du kastar deg over tastaturet.

Kommentarer til denne saken