Framtida for mange distriktskommunar er mørk. Innbyggjarane blir færre, damene flytter og det blir færre og færre unge, og fleire og fleire pensjonistar. Kommunane konkurrerer om å gjera seg fine for innflyttarane. Tomtene er gratis eller billige. Arbeidsplassar blir tilrettelagde. Naturen er spektakulært vakker og lufta frisk og rein. Men du kan ikkje bu i rein luft, du treng også tak over hovudet.

I mange distrikt er det ikkje mangel på hus, men det manglar hus det er mogleg å bu i. Spøkelseshusa står tomme på gardar og i grender, og liknar huset i visa Bruksnummer 3 (Folk i husan). «Folk treng hus, og hus treng folk», som Kari Bremnes syng i visa frå 1980.

Å pusse opp slike hus blir fort dyrare enn å byggje nytt. Mange kvir seg også for å byggje. Det har ikkje nett vore Oslo-prisvekst på hus og leilegheiter i distrikta. Å byggje eit hus til fire millionar kjennest utrygt, særleg om ein ikkje veit kor lenge ein blir ein stad. Å gjera mykje sjølv på huset er krevjande, med stadig auka kvalitetskrav til byggjing.

Liv (34) ba kommunen om hjelp til å finne bolig, men til ingen nytte – i nabokommunen gikk det langt bedre

Nordmenn er eit sjølveigande folk. Me eig gardane våre, husa våre, leilegheitene våre. Dei seinare åra har låg rente gjort at det å kjøpe har vore langt rimelegare mange stader enn å leige. Samstundes ynskjer mange i dag, sjølv på bygda, å kunne leva det urbane livet. Ynsket om å kunne gå heim etter ein god middag på byen, ha tilbod om kafe, restaurant, kino osb. i nærområdet, er viktig for mange nok til at bustader også må byggjast i sentrum.

Eirik Lothe og Liv Øverli er mellom dei som har hatt vanskar med å skaffe bustad i Valdres. Eirik er hytteeigar og innflyttar, med ny jobb i byggindustrien i Vang. Å skaffe bustad var derimot alt anna enn enkelt. Åleinemora Liv brukte tre år og måtte kontakte kommunen for å få hjelp til å finne bustad.

Eirik kom til Valdres for jobb – men å finne bolig ble en utfordring: – Jeg har gjort meg noen tanker om eiendomsmarkedet her

Det finst ikkje mange nok hus eller leilegheiter til leige eller eige. Ikkje i bygdene, og heller ikkje i meir urbane strøk på Fagernes og Leira. Skal du kjøpe deg eit småbruk til to millionar (minst) der bustadhuset har oppgraderingsbehov, trengst god kapitalinngang. For heimflyttarar med leilegheiter i storbyane, eller vaksne, etablerte som har noko å selje, er ikkje det nødvendigvis store summar. Men unge vaksne i etablerarfasen skal også ha råd til å eige eller leige.

Utan inntekt og eigenkapital er det vanskeleg å få lån. Ann Iren Moen er ungdomstillitsvalt for Fagforbundet Øvre Valdres. Ann Iren jobbar i helsesektoren, i eit yrke kommunane er flinke til å lyse ut deltidsstillingar i. Ho sette ord på det i avisa tidlegare i vinter: Du kan ikkje gå til banken og be om lån når du har ei 19 prosent fast stilling.

Ann Iren (28) er ikke overrasket over rekrutteringsvansker: – Er det så rart?

I Vang vil kompisane Eirik Høyme Rogn og Jan Egil Jægersborg tenkje alternativt. I prosjektet Klukkargrende bustadområde ynskjer dei å byggje åtte tomter med hus og tilhøyrande parsellhagar. Det er også fleire utbyggjingsprosjekt på gang, i Bagn, Slidre og på Fagernes. Det er bra, og det trengst. Men når nye, mindre treroms leilegheiter på Fagernes kostar fire millionar, er det ikkje eit prisskjit for Hvermannsen.

Går alt rette vegen for utbyggjarane kan spaden bli sett i jorda neste år: – Her skal vi byggje våre draumebustader

Hallgrim Børhus Rogn i Innovangsjon fortalde tidlegare i vinter om utfordringane med å skaffe bustader for fire familiar. To familiar hadde dei skaffa bustad til, medan dei sleit med å finne bustader til dei to andre. «Leiemarkedet er rett og slett en propp i systemet,» sa Rogn.

Negativ utvikling i folketallet: Nedgang i alle kommuner bortsett fra Øystre Slidre

Bustadmangelen rår i mange distriktskommunar. I rapporten «Tilgang på boliger i distriktene og rekruttering av arbeidskraft» som Menon Analyse overleverte Kommunal- og moderniseringsdepartementet i desember i fjor, er oppsummeringa at mangelen på husvere hindrar tekruttering, busetjing og næringsutvikling. Problemet er også samansett. For dei som vil byggje er det eit hinder at prisen på bruktbustader er lågare enn byggjekostnaden. Andre manglar nødvendig kapital til å kjøpe bustader. I mange kommunar er leigemarknaden knapt eksisterande.

Det bør vera eit paradoks for politikarane rundt om i Valdres kor lett dei legg til rette for hyttebyggjing, og kor vanskeleg det er for bygdas unge og tilflyttarar å finne bustader. Spørsmålet er om blir brukt for mykje krefter på deltidsinnbyggjarane, og for lite kraft på heiltidsinnbyggjarane.